Foto av fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som møter kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

F.v. fylkesvararordførar i Rogaland, Marianne Chesak, fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland, fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Diskuterte fylkesnamn med ministeren

Kommunal- og moderniseringsdepartementet inviterte i dag fire fylkesordførarar til felles møte om namnet på det nye vestlandsfylket.

– Det var eit godt og konstruktivt møte, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Følling møtte 19. januar kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland saman med fylkesordførar i Hordaland, Anne-Gine Hestetun (Ap), fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap) og fylkesvaraordførar i Rogaland, Marianne Chesak (Ap).

– Eg har lagt fram namnevedtaket som er solid forankra i fylkestinget vårt og gjort greie for argumenta våre, så no er det opp til sentrale styresmakter å kome med den endeleg avgjerda, seier Følling etter møtet. 

I løpet av våren 2018 legg Kommunal- og moderniseringsdepartementet fram ein namneproposisjon til Stortinget, og Stortinget gjer endeleg vedtak i saka før sommaren.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no  
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut