Foto av eit fiskeoppdrettsanlegg, sett litt frå avstand.
Foto av eit fiskeoppdrettsanlegg, sett litt frå avstand.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Det er opna for auksjon av nye akvakulturløyve

Det vert auksjon av nye akvakulturløyve 18. juni 2018, og potensielle bodgjevarar kan no registrera seg. Det er ikkje opna for tildeling av nye løyve i Sogn og Fjordane.

Den 18. mai 2018 fastsette Nærings- og fiskeridepartementet Forskrift om tildeling av nye løyve til akvakultur med matfisk i sjø av laks, aure og regnbogeaure i 2018. I pressemelding same dag varsla departementet at auksjonen skal finne stad 18. juni 2018. Registreringen av potensielle bodgjevarar opna torsdag 24. mai 2018.

Det er ikkje opna for tildeling av nye løyve i Sogn og Fjordane. Tildelinga er avgrensa til produksjonsområde 1 og 7-13. Oversikt over produksjonsområda finn du her.

Fullstending utlysingstekst finn du her (pdf).

Departementet si side om nytt vekstsystem i havbruksnæringa

Fiskeridirektoratet si side om auksjonen og med registreringsskjema

Del dette:

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00