Departementet har starta arbeidet med nytt inntektssystem for fylkeskommunane

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) arbeider no med konkrete modellar for nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Både endring i kostnadsnøklar og justering i systemet for inntektsutjamning er tema i arbeidet med nytt inntektssystem.

Departementet vil leggje fram ulike modellar til politisk vurdering i regjeringa. Regjeringa vil så, i løpet av kort tid, ta stilling til om det skal fremjast eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane frå 2015 i kommuneproposisjonen som kjem i mai i år.

Fylkesrådmannen legg fram utkast til innspel frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til politisk handsaming i fylkesutvalet 26. februar. Saka vert sendt ut tysdag 18. februar.

Orienterte KS 12. februar

Departementet orienterte interesseorganisasjonen til kommunesektoren (KS) om arbeidet med nytt inntektssystem i eit møte onsdag 12. februar.

I etterkant av orienteringsmøtet delte KS mellom anna følgjande bodskap med fylkeskommunane: «…KS har god kontakt med departementet om arbeidet, men konkrete forslag som fremmes til politisk behandling i regjeringen vil være intern informasjon i departementet. Er det viktige faglige innspill som den enkelte fylkeskommune mener er viktig å få fram….vil vi med glede videreformidle det til departementet. Departementet har orientert om at eventuelle faglige innspill til dem må gis senest i løpet av uke 8.»

Fylkesrådmannen oversender den administrative saka til KS, med melding om at politisk vedtak vert oversendt etter møtet i fylkesutvalet 26. februar.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tlf.: 415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568