Delegasjon frå Ningxia i Kina vitjar Sogn og Fjordane

Under leiing av Mr. Xiang vitjar ein seksmannsdelegasjon frå Ningxia Sogn og Fjordane frå 20. til 22. september. Under velkomstmiddagen på Sognefjord Hotell utropte Mr. Xiang Sogn og Fjordane til "Det grøne landet".

”Vi vart førebudde på at de har storfelt natur, men det vi møtte overgjekk likevel forventningane. De er det grøne landet med den grøne økonomien,” sa Mr. Xiang om sitt første inntrykk av Sogn og Fjordane. Kinesarane landa på Haukåsen klokka 14,25 søndag og vitja så Norsk Villakssenter og Borgund stavkyrkje i Lærdal. Særleg vekte stavkyrkja og måten ho var bygd på åtgaum hjå kinesarane som kunne fortelje at deira eldste bygning er 2000 år gammal.

Tettpakka program

Eit anna faktum som imponerte kinesarane var at Sogn og Fjordane trass den økonomiske verdskrisa har ei arbeidsløyse på rundt to prosent. Måndag skal dei drøfte vidare samarbeid med Sogn og Fjordane med fylkesordførar Nils R. Sandal som var vertskap på velkomstmiddagen. Det gjorde inntrykk då han overrekte Skald si bok om Flåmsbana på kinesisk saman med sportskniv frå Helle.

Etter lunsj på Cafe Herman, den nye kultplassen i Leikanger, dreg følgjet til Førde via Bremuseet i Fjærland, Audhild Vikens Vevstove og Astruptunet i Jølster. Etter at dei har overnatta på Rica Sunnfjord Hotell vitjar dei Sunnfjord Museum, dreg vidare til Fjaler og vitjar Transplant før dei kjem til Verdsgymnaset i Flekke. Der skal dei ha møte og sjå seg om før dei returnerer til Oslo om kvelden.

Del dette:

Relaterte lenker