Elevar som har prøve i eit klasserom

Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Dei fleste får førstevalet!

3614 søkjarar til vidaregåande opplæring har i dag fått tilbod om skuleplass på det programområdet dei hadde som førsteval. Det er 89 prosent av alle søkjarane med ungdomsrett.

– Også i år kan vi tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Tor-Einar Skinlo, assisterande fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Andre inntak 26. juli

Til saman 4469 har søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane til skuleåret 2019–2020. Av desse har 4051 ungdomsrett.

44 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Det gjeld søkjarar som har rett til opplæring i nabofylke gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som vi ikkje tilbyr i vårt fylke.

Sjå tabellar etter første inntak (pdf). Tabellane vert oppdaterte etter 26. juli, då andre inntak vert kunngjort.

360 ledige skuleplassar

Etter første inntaket er det om lag 190 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i andre inntak, eller etter at skulane tek over inntaket frå 12. august.

Det er om lag 360 ledige skuleplassar i fylket.

Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste, og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 12. august.

Tidsplan

Vidare tidsplan for inntaket til vidaregåande skule:

  • 4. juli, melding blir sendt til alle søkjarane (første inntak)
  • 11. juli, svarfrist første inntak
  • 26. juli, melding om andre inntak
  • 2. august, svarfrist andre inntak
  • 12. august, skulane tek over inntaket
  • 19. august, skulestart

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Tor-Einar Skinlo
assisterande fylkesdirektør for opplæring
Tor.einar.skinlo@sfj.no
Mobil 958 39 029