Foto som syner elevar i vestibylen på Sogndal vidaregåande skule
Foto som syner elevar i vestibylen på Sogndal vidaregåande skule

Dei fleste får førstevalet

3557 søkjarar til vidaregåande opplæring får no tilbod om skuleplass på det programområde dei har som førsteval.

Du som har søkt vidaregåande opplæring for skuleåret 2015–2016, ser resultatet på vigo.no. Inntakstelefonen har nummer 57 63 81 00 og er open mellom 12.00 og 14.00, måndag til fredag.

Heile 89 prosent av alle søkjarane har no fått tilbod om skuleplass på førstevalet sitt.

– Også i år kan vi tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Andre inntak 31. juli

Til saman har 4330 søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane skuleåret 2015–2016. Av desse har 4074 ungdomsrett.

Dei som ikkje får tilbod om skuleplass i første inntaket, står på venteliste fram til andre inntaket 31. juli.

41 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Dette gjeld søkjarar som har rett til tilbod i nabofylket gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som ikkje finst i vårt fylke.

290 ledige skuleplassar

Etter første inntaket er det omlag 150 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Alle søkjarar utan ungdomsrett står på ventelistene og kan bli tekne inn til ledige plassar seinare.

Det er totalt 290 ledige skuleplassar i fylket, om lag halvparten av desse er på vg2.

Vidare tidsplan for inntak 2015

  •  7. juli, melding blir sendt til alle søkjarane – første inntak.
  • 16. juli, svarfrist første inntak.
  • 31. juli, melding om andre inntak.
  •  5. august, svarfrist andre inntak.

Tabell etter første inntak

For meir informasjon

Bekka Skaasheim
Fylkesdirektør
415 30 956

Reidun Liljedahl Fimreite
Teamleiar
415 30 973

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Inntaktstelefon for søkjarar

57 63 81 00

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00