Fotocollage med femten bilete som syner ulike sider ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Vi ser blant anna elevar som sveisar, dansar, skriv i ei bok, får hjelp av lærar og filmar.
Fotocollage med femten bilete som syner ulike sider ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Vi ser blant anna elevar som sveisar, dansar, skriv i ei bok, får hjelp av lærar og filmar.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Dei fleste får førstevalet sitt

3523 søkjarar til vidaregåande opplæring får i dag tilbod om skuleplass på programområdet dei hadde som førsteval. Det er 87 prosent av alle søkjarane med ungdomsrett.

– Også i år kan vi tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Tor-Einar Holvik Skinlo, assisterande fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Andreinntaket kjem 28. juli

Til saman har 4347 søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane skuleåret 2017–2018. Av desse har 4061 ungdomsrett. Dei som ikkje får tilbod om plass i førsteinntaket eller ikkje kjem inn på førstevalet sitt i denne omgangen, får ein ny sjanse i andreinntaket 28. juli.

43 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Det gjeld søkjarar som har rett til opplæring i nabofylke gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som vi ikkje tilbyr i vårt fylke.

270 ledige skuleplassar

Etter førsteinntaket er det om lag 160 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass, vil få tilbod i andreinntaket eller etter at skulane tek over inntaket frå 14. august. Det er om lag 270 ledige skuleplassar i fylket, om lag halvparten av desse er på vg2.

Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 14. august.

Tidsplan for inntaket til vidaregåande skule

  • 5. juli: melding blir sendt til alle søkjarane – første inntak
  • 13. juli: svarfrist første inntak
  • 28. juli: melding om andre inntak
  • 4. august: svarfrist andre inntak
  • 14. august: skulane tek over inntaket
  • 21. august: skulestart

Skulevis oversikt over inntaket etter første inntak. Tabellane vert oppdaterte etter 28. juli

For meir informasjon

Tor-Einar Holvik Skinlo
ass. fylkesdirektør for opplæring
tor-einar.holvik.skinlo@sfj.no
958 39 029

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00