Debattkveld: Finst Sogn og Fjordane?

Fylkesjubileet Sogn og Fjordane 250 år går mot slutten, og no stiller vi det store spørsmålet: Finst Sogn og Fjordane? Det vert debattkveld på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum 28. november.

Kva identitet har innbyggjarane i Sogn og Fjordane? Dette må vi prøve å finne svar på før jubileumsåret er ute. Er vi sognogfjordingar, eller er vi sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar?

Er Sogn og Fjordane ei naturleg eining?

Når jubileumsfeiringa no går mot slutten, er tida også komen for å spørje kva vi eigentleg feirar. Den administrative eininga Sogn og Fjordane vart skapt ved eit kunstgrep i 1763, og det var lite som knytte dei ulike delane av fylket saman. Korleis er dette no? Har den vilkårlege fylkeseininga frå 1763 vorte ei naturleg eining, og kva har i så fall gjort ho til ei naturleg eining?

Problemstillingane er aktuelle både som ei slags oppsummering av fylkesjubileet, og med bakgrunn i at regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet har programfesta at dei vil leggje ned fylkeskommunen.

Debattkvelden skal prøve å gi svar på dette. Leiar for Nynorsk avissenter, Arve Sandal, prosjektleiar for fylkessoga, Ole Svein Stugu, frilansjournalist Marit Bendz og fylkespolitikar Frank Willy Djuvik (FrP) er innleiarar og debattantar. Det vert også underhaldningsinnslag ved forfattar og humorist Jens Brekke, som ser på både fylket og innbyggjarane der med eit skråblikk.

Debattkvelden er på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum på Kaupanger 28. november kl. 19.00.

For meir informasjon

Aud Ross Solberg
museumsdirektør
e-post: aud.ross.solberg@misf.museum.no
tlf.: 474 52 768

Edvin Helgheim
prosjektleiar for fylkesjubileet
e-post: edvin.helgheim@sfj.no
tlf.: 57 65 61 00

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut