DanseCamp samlar nærare 140 unge

Nærare 140 unge frå 13 til 19 år frå alle kommunane i fylket samlast i Førde for å danse 23. til 25. mars. Fylkeskommunen arrangerer samlinga.

Deltakarane på DanseCamp vil bli instruert av svært kompetente instruktørar, tre av dei frå Sogn og Fjordane. Dag Rune og Ramon var tidlegare instruktørar i Luster danseeverkstad. Dag Rune studerer no ved Kunsthøyskolen i Oslo og Ramon er student ved Den Norske Ballettskole. Anchelique kjem i frå Høyanger, men har budd i utlandet i fleire år og dansa for kjende popartistar, m.a. for Whitney Houston.

Målet med campen er å gje ungdom høve til å utvikle seg innan moderne dans, og gje inspirasjon til det arbeidet mange av dei driv som instruktørar i Danseverkstadane i fylket. Det er to år sidan det sist vart arrangert DanseCamp, og arrangement er etterlengta for mange.

Foldar om DanseCamp

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette