Foto av fire ungdomar, tre gutar og ei jente, som vart kåra til årets lærlingar i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet i 2019.
Foto av fire ungdomar, tre gutar og ei jente, som vart kåra til årets lærlingar i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet i 2019.

Årets lærlingar i bygg og anleggsbransjen på Vestlandet. Frå venstre Jakob Ruud, Anna Mathilda Øsleby, Henrik Bakke og Øyvind Drageset Remme. (Foto: EBA Vestenfjelske)

Årets lærlingar i vest

Anna Mathilda Øsleby (19) frå Osterøy og Jakob Ruud (19) frå Sogndal har gått til topps i kåringa av Årets lærling i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet.

Pressemelding frå Entreprenørforeningen Bygg – Anlegg, Vestenfjelske avd.

På delt andreplass kom Henrik Bakke (20) frå Sund og Øyvind Drageset Remme (19) frå Voss. Alle fire har utdanna seg i betongfaget. Anna Mathilda Øsleby er lærling hos FM Strand i Bergen, Jakob Ruud hos Veidekke Entreprenør distrikt Sogn og Fjordane, avdeling Sogndal og Øyvind Drageset Remme hos O.L. Kythe på Voss. Henrik Bakke har vore lærling hos Brødrene Ulveseth og tok fagprøve i vår. No jobbar han som fagarbeidar i verksemda.

Det er verksemdene som nominerar dei beste kandidatane til tevlinga om å verte «Årets lærling». Deira fråsegner om kandidatane sine faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar, vert vurderte av ein uavhengig jury i bransjen.

Kåringa fann stad på eit arrangement i regi av Entreprenørforeningen Bygg – Anlegg, Vestenfjelske avdeling. Vinnarane fekk 10 000 kroner og dei to på andreplass 5000 kroner kvar. Sjekkar og diplom vart overrekt av Mads Wiik Kleven, som representerar Fellesforbundet i styra for opplæringskontora Byggopp Hordaland og Byggopp Sogn og Fjordane. 

– Eg er imponert over det faglege nivået til kandidatane, og over innsatsen leiarar og instruktørar i verksemdene gjer for å utdanne dyktige fagarbeidarar, sa Kleven under kåringa.

Han takka óg dei to Byggopp-kontora som har ansvar for til saman 410 lærlingar i større og mindre entreprenørverksemder, noko som er rekord.

Dei fire vinnarane som vart heidra som dei beste mellom mange gode kandidatar, er takksame for verdsetjinga av deira innsats og faglege prestasjonar. Dei voner kåringa av «Årets lærling» vil inspirere ungdom til å satse på ei framtid i bygg og anlegg.

Meget kompetent lærling

Anna Mathilda Øsleby er TAF-elev på Knarvik vidaregåande skule og er inne i sitt fjerde og siste år som lærling. Då ho byrja som 16-åring var ho første kvinnelege lærling i FM Strand, men no er fire av totalt elleve lærlingar i verksemda jenter. For tida jobbar ho på eit bustadprosjekt på Leidarkollen i Loddefjord i Bergen, parallelt med skule og pensum i fag som gir studiekompetanse.

«Anna har gjennom sitt engasjement og sin personlegheit stått fram som ein solid og veldig kompetent lærling», heiter det mellom anna i grunngjevinga frå FM Strand.

– Eg gler meg til å avslutte læretida med fagprøve til våren. Deretter skal eg gjere teneste i Sjøforsvaret i eitt år. Så får eg sjå kva det vert vidare. Med mi utdanning har eg mange moglegheiter, seier ho nøgd.

Ein pådrivar på byggeplassen

Den andre vinnaren, Jakob Ruud, har gått på Sogndal vidaregåande skule og skal ta faprøve til sommaren.

Som lærling hos Veidekke Entreprenør har han vist så gode faglege ferdigheiter at han er blitt utnemd til bas på prosjektet han jobbar på no, det nye bybadet i Ålesund.

«Som person er Jakob ein pådrivar på byggeplassen. Han har vist at dette håndterar han som om han har vore fagarbeidar i mange år», står det i grunngjevinga.

– Eg har fått prøve meg i fleire ulike prosjekt med forskaling og betongstøp. Verksemda har gjeve meg tillit som bas, og det synes eg har vore artig og lærerikt, seier Jakob.

Kom tilbake etter arbeidsulykke

Henrik Bakke fekk delt andreplass i tevlinga som Årets læring. Han starta som TAF-elev på Knarvik vidaregåande skule i 2015 og byrja samstundes som lærling hos Brødrene Ulveseth. Etter nokre månader vart han skada i ei arbeidsulykke. Han måtte gjennom ein operasjon som gjekk fint, men trengte mykje opptrening og kvile før han kunne kome tilbake til arbeidslivet.

Det vart laga ein oppfølgingsplan som Henrik følgte til punkt og prikke. «Han vart ein lærling som betonglaget alltid ville ha med seg på grunn av si positive haldning og veldig gode humør», står det i grunngjevinga frå verksemda. «Henrik Bakke har vist at med rett innstilling og vilje er alt mogeleg, og han nådde målet sitt om å verte betongfagarbeidar».

I læretida jobba Henrik Bakke på fleire prosjekt hos Brødrene Ulveseth. No arbeidar han på eit bustadprosjekt på Sandslimarka i Bergen.

– Eg trives veldig godt både med arbeidsoppgåver og med kollegaene. Det fine arbeidsmiljøet betyr veldig mykje, seier Henrik.

Fantastisk representant for lærlingane

Øyvind Drageset Remme delte andreplassen med Henrik Bakke. Han byrja på villmarkslina på Voss vidaregåande skule. Etter eitt år gjekk han over på bygg- og anleggsteknikk og har også tatt realfag. Læretida hos O.L. Kythe går over tre år.

– Eg trives godt som lærling. For tida jobbar eg på en trafostasjon i Eidfjord i Hardanger. Planen er å ta fagprøve våren 2021, fortel Øyvind.

«Øyvind er ein fantastisk representant for lærlingane. Han er alltid søkjande etter nye ting som kan lærast, og kanskje gjerast betre», skriv O.L. Kythe i grunngjevinga.

Del dette: