gert
gert

Årets entreprenørskapslærar 2019

Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane har kåra Gert Runar Rørvik ved Mo og Øyrane vidaregåande skule til årets entreprenørskapslærar 2019.

Rørvik har drive ungdomsbedrifter med elevane sine sidan 2000. Det blir nesten 20 år samanhengande som ansvarleg UB-lærar på naturbruk ved Mo og Øyrane vidaregåande skule. Ingen veit sikkert kor mange ungdomsbedrifter han har hatt ansvar for, ikkje Rørvik sjølv ein gang.

Elevane han har hatt ansvaret for viser høg kvalitet i arbeidet med ungdomsbedriftene sine. Det flotte arrangementet "Jul i Stallgata" har etterkvart blitt ein institusjon i Førde med mange tusen besøkande kvart år. Arrangementet har blitt ein tradisjon for store og små i adventstida.

Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane melder at Rørvik er aldri vanskeleg å be når det kjem til arbeid med entreprenørskap, anten det er å dele erfaringar på lærarkurs eller å arrangere innovasjonscampar på eigen skule. Vi gratulerer Gert Runar Rørvik med prisen!

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00