Undervisning i ysting ved Sogn Jord- og hagbruksskule, elevar står rundt eit bord og klappar brunost medan ein lærar ser på.
Undervisning i ysting ved Sogn Jord- og hagbruksskule, elevar står rundt eit bord og klappar brunost medan ein lærar ser på.

Foto: Elisabeth Fagerland/Sogn Jord- og Hagebruksskule

Sogn Jord- og Hagebruksskule er Årets formidlar

Den 101 år gamle landbruksskulen i Aurland vart kåra til Årets formidlar under Matprisen 2018. Prisen vart delt ut i Oslo måndag.

Lærar Gry Tokvam og elev Elin Rømo Grande tok i mot for prisen på vegner av skulen under tilskipinga måndag kveld. Takketalen deira kan du lese på Facebook-sida til skulen. 

Matprisen vart etablert i 2014 av ØQ og DebioInfo. Prisen heidrar dei som er med på å auke forbruket og produksjonen av økologisk og berek​raftig mat.

I grunngjevinga for nominasjonen til Sogn Jord- og Hagebruksskule skreiv juryen:

«I 101 år har Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland utdannet ungdommer og voksne i agronomi. Siden sent på 1980-tallet har skolen vært en landslinje som tilbyr utdanning i økologisk landbruk og bærekraftig samfunnsutvikling. Skolen er det opplagte stedet for alle som vil drive økologisk landbruk. SJH har gjennom kursvirksomhet utdannet mange av de som driver med småskalaysting i dag. I tillegg til undervisning av elevene, drives det på SJH et ressurssenter til glede for lokale mat- og serveringsvirksomheter. Sogn Jord- og Hagebruksskule har en unik rolle i å forme et framtidsrettet og bærekraftig landbruk i Norge.»

Les meir på Matprisen.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut