Utsikt over Øvre Årdal med anlegget til Norsk Hydro sentralt i biletet.
Utsikt over Øvre Årdal med anlegget til Norsk Hydro sentralt i biletet.

Foto: Norsk Hydro

Storsatsing på innovasjon i Årdal

Ny øvingsfabrikk med topp moderne utstyr skal gi industrien høve til å utvikle og teste automatiserte produksjonsprosessar. Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar prosjektet med 5 millionar kroner.

I fylkestinget 12. juni vedtok Sogn og Fjordane-politikarane å løyve 5 millionar kroner i investeringstilskot til teknologiselskapet Sitep AS (Senter for innovasjon, teknologi og prosess), som planlegg ein ny øvingsfabrikk i Årdal. Næringslivet i Årdal har gått saman om skipe Sitep AS for å leggje til rette for utvikling og testing av framtidig produksjonsteknologi og overgangen til «industri 4.0».

Omgrepet industri 4.0 vert nytta om den fjerde industrielle revolusjonen, der produkt, produksjon og internett går over i kvarandre. Dei fleste har kanskje høyrt om «tingas internett» der mobiltelefonen kan kommunisere med kjøleskapet eller varmepumpa? Overført til industrien så kan det til dømes bety at produktet kan kommunisere med maskinene som lagar produktet og gje instruksjonar, mellom anna om vedlikehald eller utbetringar. I framtida vil fabrikkane vere fleksible og produkt kan i stor grad skreddarsyast til kunden sitt behov, utan at det kostar meir enn ein storskalaproduksjon.

I Årdal skal no Sitep AS byggje ein øvingsfabrikk med topp moderne utstyr der bedrifter kan utvikle og teste automatiserte produksjonsprosessar. Øvingsfabrikken og utstyret skal ha ei høg grad av digitalisering med mellom anna robotar, sjølvgåande køyretøy, utstyr for datainnsamling, analyse, lagerstyring, med meir.

Sitep AS skal leggje til rette for at bedrifter i frå heile regionen kan komme til Årdal og teste ut sine idear og utviklingsprosjekt i øvingsfabrikken, og selskapet skal bidra med kompetanse og nettverk. Det er inngått samarbeidsavtale med Sintef Raufoss Manufacturing og næringsklynga på Raufoss, som er ein del av Norsk Katapult og Norsk omstillingsmotor. På denne måten vil Sitep AS leggje til rette for at næringslivet i regionen kan tilgang til nødvendige verkty og kunnskap for å omstille seg til den digitale framtida.

Tilskotet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune er eit investeringstilskot, som delfinansiering av investeringskostnaden for utstyret i fabrikken, og vart løyvd som støtte til innovasjonsklynger, artikkel 27 i «General Block Exemption Regulation», i tråd med statsstøttereglane i EØS-avtalen.

Del dette:

Kontakt

Endre Høgalmen
ass. fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00