Bilete av ei av dagsturhyttene.

Foto: Atle Skrede

Årdal: Moakamben

Dagsturhytta i Årdal ligg på Moakamben i Øvre Årdal. Herifrå er det flott utsikt over bygda.

Tikomst og parkering

Med bil: Frå Øvre Årdal følger ein fv53 til Moa. Ein kan parkere på parkeringsplass ved Moa. Følg skilting til sti. 

Til fots eller sykkel: start gjerne ved Lykkja.  

Lenger tur: Du kan parkere ved Årdalshallen i sentrum av Øvre Årdal.  

Stien til hytta

Frå Moa: Følg skilting til Moakamben frå parkeringsplassen på Moa. Etter ca 200m tek stien av opp til venstre. Stien er bratt i starten, men flatar ut etter kvart. Du brukar om lag 40 minutt frå parkeringsplassen fram til hytta.

Frå Lykkja, Utladalen: Følg sti frå Lykkja i Utladalen. Hald til høgre ved stidelen på Moa-åsen. Det er fleire alternative ruter/stiar til turposten til Årdal Turlag. Pass på at du ikkje tek av på sti til høgre ned mot Utladalen att! Turen til Moakamben tek normalt 30 min til 1 time.

Lenger tur: Ein starta frå Rallaren-statuen i sentrum av Øvre Årdal, følge sykkelsti fram til Olmenhagen. Når sykkelstien kryssar bilvegen fylgjer du bilvegen over brua ca. 150 m fram til trappene til Ytre Moa og vidare oppover.

Avstandar

Du brukar om lag 40 minutt frå parkeringsplassen fram til hytta. Den ligg på om lag 245 moh.

Kontaktinformasjon 

Følg med på Facebook-sida til Moakamben. 

Frank Runar Øren, Årdal kommune

E-post: Frank.Runar.Oren@ardal.kommune.no

Kart 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut