Elevar som jobbar med oppgåva under Gründercampen på Sandane
Elevar som jobbar med oppgåva under Gründercampen på Sandane

Elevar som jobbar med oppgåva under gründercampen.

Internasjonal gründercamp på Sandane

Eco Innovation Camp Norway 2015 vert denne veka arrangert på Sandane i Gloppen kommune.

Innovasjonscampen er eit samarbeid mellom Ungt Entreprenørskap i Romania, Bulgaria og Sogn og Fjordane. Elevar frå vidaregåande skular frå desse landa skal i helga bryne seg på oppgåver innanfor det grøne skiftet.

Initiativet til fleirnasjonale gründercampar vart fremja av Sogn og Fjordane fylkeskommune på Euromontana’s Mountain Convention i 2012. Med hjelp av tilskot frå EØS-midlane og engasjerte folk frå dei tre partnarlanda, har gründercampane vorte ein suksess. I år er første gong ungdomen samlast i Noreg, for å løyse miljøutfordringar med eit entreprenørielt perspektiv.

Med stor arbeidsløye i Europa er tiltak for å utvikle ungt entreprenørskap, erfaringsutveksling mellom land og en miljøbevisst agenda attraktive. Arbeidet med desse gründercampane har no ført til ein ny og meir omfattande søknad om tilskot frå Erasmus+ til å styrke kompetansen på grønt entreprenørskap blant lærarar. Søknaden har vorte innvilga og prosjektet startar opp i haust.

Då står det berre att å ynskje elevane lukke til! Måtte det inspirere dei til å følje draumane sine i framtida.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00