Årdals-elevar og UWC i nasjonal energifinale

Elevar frå Årdal vgs og United World College (UWC) skal bidra til å løyse energiutfordringar for framtida.

2.–4. februar samlar Ungt Entreprenørskap og Enova energifinalistar frå heile landet. I 24 hektiske timar skal elevane konkurrere om å finne dei smartaste løysingane på et førebels hemmeleg oppdrag knytt til energi- og klimautfordringar. Løysingane må vere realistiske, nyskapande og framtidsretta.

Ein sikker vinnar for framtida

– Ungt Entreprenørskap ynskjer å løfte fram kombinasjonen realfag og entreprenørskap. Dette er ein sikker vinnar i framtidas arbeids- og næringsliv. Vi håpar elevane vert inspirerte av å jobbe kreativt med realfag, og at dei vil vurdere ein slik fagkombinasjon når dei skal velje vidare utdanning, seier Holger Aasen, daglig leiar i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.

Denne hausten har over 4 000 elevar frå vidaregåande skular over heile landet delteke på lokale gründercampar der dei har løyst ulike oppdrag knytt til energi og klima. Elevane frå Årdal kvalifiserte seg til finalen da dei vart kåra til den nest beste gruppa i Sogn og Fjordane. Gjennom prosjektet har elevane oppdatert seg på det siste innan energi- og klimateknologi. Undervegs i prosessen har dei fått rettleiing frå kompetente fagmiljø.

Grønt entreprenørskap og innovasjon

Det er det sjuande året på rad Enova og Ungt Entreprenørskap utfordrar ungdom og arrangerer klimakamp for elevar på vidaregåande skule.

– Ein av dei viktigaste oppgåvene til Enova er å bidra til utvikling av ny energi- og klimateknologi. Teknologiutvikling er avgjerande for å kunne møte dei store klimautfordringane verda står ovanfor. Vi ynskjer å inspirere og engasjere dei som skal utgjere framtida i Noreg, slik at dei får interesse for grønt entreprenørskap og innovasjon, seier Nils Kristian Nakstad, administrerande direktør i Enova SF.

Energi for framtida

Oppdraget er strengt hemmeleg inntil det vert offentleggjort for deltakarane på NTNU tysdag kl. 11:30. Elevane får eitt døgn på seg til å jobbe fram løysingsforslag og forretningsplan, som vert presentert for eit dommarpanel som består av energiekspertar. De seks gruppene som går vidare til den avsluttande finalen, presenterer løysingane sine for publikum og juryen i auditoriet på Charlottenlund vidaregåande skule onsdag kl. 12. Vinnaren av Energi for framtida 2015 vert kåra kl. 13.00.

Kontaktpersonar:

Judit Barbara Dudas
talsperson for gruppa (UWC, engelsktalande)
E-post: nc12jbdu@staff.rcnuwc.no
Tlf: 474 50 720

Kenneth Dvergsdal
talsperson for gruppa (Årdal)
E-post: kenneth.dvergdal97@hotmail.com
Tlf: 481 89 260

Eivind Husabø
Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane
E-post: eivind.husabo@ue.no
Tlf: 415 30 660

Wenche Wærner
kommunikasjonansvarlig, Ungt Entreprenørskap Norge
E-post: wenche@ue.no,
Tlf: 934 37 800

Espen Sletvold
kommunikasjonsrådgivar, Enova
E-post: espen.sletvold@enova.no,
Tlf: 971 28 188

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00