Prosjekt «Kommunal næringsutvikling»

Prosjekt ”Kommunal næringsutvikling” i regi av fylkeskommunen ved næringsavdelinga, Fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Noreg og kommunane er eit prosjekt der kommunane og det regionale nivået saman skal bli betre til å arbeide med næringsutvikling.

Statusrapport for 2013 og handlingsplan for 2014 vedteke av HPN i sak nr 21/14.

Hovudmålet i prosjektet er å styrkje førstelinjetenesta i sitt næringsutviklingsarbeid slik at dei kan gje etablerarar og lokalt næringsliv eit betre tilbod.

For å nå hovudmålet i prosjektet er organisering, kompetanse og verkty og kommunikasjon tre viktige hovudtema.

Organisering

Kommunane vert stimulert til å samarbeide med lokalt næringsliv og/eller andre kommunar for å oppnå auka kapasitet og kompetanse i arbeidet med etablering og nyskaping.

I inneverande prosjektperiode er det mål om å få til eit større fagmiljø med auka stillingsressursar i minst ti kommunar.

Kompetanse

Det vert arrangert ei rekkje kurs og samlingar for næringsmedarbeidarane mellom anna sakshandsamingskurs, kurs om offentlege innkjøp, forretningsmodellering og kurs i metoden prosjektleiarprosessen (PLP). I inneverande prosjektperiode vert det og arrangert etablerarkurs som er eit tilbod til dei som ynskjer å starte eige bedrift.

I inneverande prosjektperiode skal alle i målgruppa få eit kompetanseløft, og det skal utviklast betre verkty for målgruppa for å verte betre næringsutviklingsarbeidarar.

Verkty

I 2014 vert program for småbedrifter starta opp. Målet med programmet er deltaking frå to bedrifter per år frå kvar kommune slik at desse bedriftene får høve til vidare utvikling og vekst. Med 26 kommunar i fylket vert det dermed eit minimum av 52 bedrifter som skal gjennomføre dette programmet. Ynskja effekt er auka lønsemd og fleire tilsette i desse småbedriftene.

Hausten 2014 vert det sett i verk arbeid med å få til næringssamarbeid mellom små og mellomstore bedrifter for og få auka grad av innovasjon og utvikling.

Kommunikasjon

Driftig logo 270px
www.driftig.no er hovudkanalen for informasjon relatert til nærings- og gründerarbeid. Nettsida vart nylansert tidleg vår 2013 og fungerer som informasjonskanal frå kommunalt- og regionaltnivå til gründerar.

Driftig inneheld god kommuneinformasjon som namngjev førstelinjetenesta i kvar kommune, slik at potensielle gründerar veit kven dei skal oppsøkje. Driftig tilbyr kalendar som syner informasjon om kurs- og kompetansehevingstiltak, nettverkssamlingar og andre treffpunkt for gründerar og gründerbedrifter. I tillegg tilbyr nettsida god informasjon om forretningsmodelleringsmetoden til Osterwalder, og andre sjekkpunkt for dei som ynskjer å starte bedrift. På nettsida er det og mykje gode gründerhistorar å la seg inspirere av.

Driftig har og eiga facebookside. Dette er den mest levande delen av driftig, og her er det jamlege påfyll av gode inspirasjonssaker, tips, kursinformasjon og mykje meir.

Fullstendig prosjektplan.

Aktuelt

Næringsarbeidarane på kurs for å verte betre rettleiarar i intraprenør- og entreprenørskap
Høgskulestudium i etablerarrettleiing
Kurs i vekstbedrifter
Nytt etablerarkurs i Sogndal 14. februar

Presentasjonar frå kurs i sakshandsaming

Kontaktperson:

Endre Høgalmen, assisterande fylkesdirektør for næring. Tlf: 57 65 62 65 / 95 20 77 89. E-post.

Del dette:

Relaterte lenker