Åshild Kjelsnes får trafikktryggingsprisen 2013

Trafikktryggingsprisen går i år til ho som pleier å dele han ut – nemleg fylkesordføraren. Åshild Kjelsnes får prisen for å ha gjort ein solid innsats for trafikktryggingsarbeidet i Sogn og Fjordane og for sitt store engasjement for å få fleire til å nytte refleks.

Fylkesordføraren gir prisen på 25 000 kroner til Sogn og Fjordane idrettskrins.

– Åshild Kjelsnes har gjennom verv som leiar av trafikktryggingsutvalet, leiar for Nasjonal rassikringsgruppe og nestleiar i Trygg Trafikk sett tydelege spor etter seg i arbeidet for eit tryggare trafikkbilete, sa noverande leiar for trafikktryggingsutvalet, Liv Stave ved prisutdelinga 10. desember.

Opphavskvinne til livreddande vinterkolleksjon

Kjelsnes har prioritert refleks svært høgt som trafikktryggingstiltak. I 2001 var ho leiar for ein komité som skulle få fleire til å nytterefleks. Det vart lagt ned ein stor innsats og mykje ressursar i dei følgjande åra, men dei var ei gruppe som var vanskeleg å nå – ungdomane. Når dei vart spurde om kvifor, svara ungdomane ofte at dei gløymde det, eller at det ikkje var tøft med refleks.

Det var då Kjelsnes la fram ideen om at refleks burde integrerast i «vanlege» klede, slik at refleksen ikkje var synleg. Dette har etter kvart resultert i ein livreddande vinterkolleksjon frå Moods of Norway og Ricco Vero.

Allsidig engasjement

Men det er ikkje berre på refleksfronten Kjelsnes har utmerka seg. Ho er også leiar for Nasjonal rassikringsgruppe, som jobbar for å få alle norske vegar sikra mot ras. I tillegg har Kjelsnes også engasjert seg sterkt i arbeidet for trafikkopplæring i vidaregåande skule. Dette førte i 2007 til at Samferdsledepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet gjennomførte ei toårig friviljug forsøksordning.

– Det trengst personar som på tvers av politiske skiljelinjer aldri gir opp, men stadig minner løyvande instansar om kor viktig rassikring er – og kor viktig bruk av refleks er, slo Liv Stave fast før ho overrekte prisen til fylkesordføraren.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no