Gründerprisen for ungdom går til treningsgründerar

Gründerprisen for ungdom går i år til Siri Linn Haugen og Silje Blindheim som er gründerane bak selskapet Back to Start AS. Verksemda har base i Stryn og står bak ei bedrift som tilbyr kompetanseheving innan basistrening.

Bedrifta Back to Start AS sel produktet BasisBall, som er eit treningskonsept som baserer seg på basistrening med medisinball. BasisBall-kursa og -treninga vert tilpassa ulike målgrupper og passar for alle aldersgrupper, som ønskjer å få betre styrke, kondisjon og balanse.

Haugen er opphavleg frå Lyngdal i Vest-Agder og flytta til Stryn i 2007. Blindheim er frå Bergen og har framleis base der, men er ofte i Stryn for å utvikle selskapet vidare.

Har satsa på merkevarebygging og design

– Haugen og Blindheim har etablert seg innanfor ein tøff marknad, som er i sterk vekst. Gründerane er svært marknadsorienterte, og bevisste på kva kundar dei skal satse på. I tillegg til solid fagleg kunnskap i botn, har dei gjennom satsinga på merkevarebygging og design skilt seg i marknaden, sa leiar i hovudutvalet for plan og næring, Hilmar Høl, ved prisutdelinga.

Dei to kvinnene fekk ideen til selskapet i august 2012 og registrerte det same haust, i november. Dei er no i gang med å tilsetje fleire personar og budsjetterer med tre tilsette i 2014.

Breitt nettverk og solid kompetanse

Gründerane har utdanning innan idrett, administrasjon og leiing. Dei har lang røynsle som både trenarar og rettleiarar og har både solid kompetanse og eit breitt nettverk. Nettverket inkluderer både Olympiatoppen og Norges Idrettshøgskole, og treningskonseptet er lansert på både Norges Idrettshøgskole og anerkjente fitnessarenaer. Back to Start AS har no inngått avtalar med fleire treningssenterkjeder.

– Treningsmarknaden er i sterk vekst, og på marknaden er det i dag mange treningsvideoar, -program og -konsept. Prisvinnarane har likevel klart å skape eit konsept som skil seg ut. Dei fortener ros for både rask vekst og god utvikling av bedrifta. Dei har eit konsept som kombinerer det gamle og velkjente, altså medisinball, med ny og spennande design, sa Høl.

Får 30 000 kroner

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes stod for sjølve utdelinga av prisen, som er på 30 000 kroner.

Gründerprisen for ungdom vert delt ut kvart år, til ein eller fleire unge gründerar i same verksemd. Vinnaren/-ane må stå bak ei nyetablering i Sogn og Fjordane. Verksemda skal vere nyskapande og ha stort potensial.

Juryen var samansett av representantar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge, Fylkesmannen og NHO.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00