eksteriørt bilde av sogndal vidaregåande skule skugge, nokre elevar står foran inngangspartiet, skilt på vegg seier Sogndal vidaregåande skule og syner fylkesvåpenet
eksteriørt bilde av sogndal vidaregåande skule skugge, nokre elevar står foran inngangspartiet, skilt på vegg seier Sogndal vidaregåande skule og syner fylkesvåpenet

Mandag 21. august blir Sogndal vidaregåande skule ein samlokalisert skule med opning av byggetrinn 2.

Byggetrinn to ved Sogndal vgs er klart

Sogndal vidaregåande skule er no ferdigstilt med byggetrinn to på Campus Sogndal, Fosshaugane. Bygget blir offisielt opna mandag 21. august av fylkesordførar Jenny Følling, same dag som elevane ved ein samlokalisert Sogndal vgs startar skuleåret.

Første byggetrinn vart opna i 2011, og med ferdigstilling av trinn to er Sogndal vgs no samlokalisert.

- Vi er svært glade for at vi kan levere nye og gode lokale til skulen. Vi vonar vi med dette har lagt til rette dei fysiske rammene for ein god læringsarena og arbeidsplass i mange år framover,  seier Jan Tore Rosenlund, bygg- og eigedomssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Dette markerer slutten på eit utviklings- og byggeprosjekt for ein samla vidaregåande skule i Sogndal, i tett samarbeid med alle aktørane på Campus Sogndal.

Fylkesordførar Jenny Følling opnar bygget måndag 21. august, som også er første skuledag for elevane ved Sogndal vgs.

Program for den offisielle opninga 

Stad:   Campus Sogndal, Fosshaugane, Sogndal

Tid:       måndag 21. august 2017 kl. 13

Kven:    representantar frå Sogndal kommune og ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll , representantar frå Sogndal fotball og Høgskulen på Vestlandet, fylkesordførar Jenny Følling,

             leiar for hovudutval for opplæring Karianne Torvanger, fylkesrådmann, direktør for opplæring, rektor og andre frå fylkeskommunen.

Program:

  • Frammøte ved hovudinngang.
  • Velkomen v/ rektor.
  • Kunstnarleg innslag
  • Kort orientering om prosjektet v/ bygge- og eigedomssjef.
  • Fylkesordføraren opnar bygget.
  • Omvising
  • Kaffi og kake (personalrommet) med helsing frå leiar i hovudutvalet for opplæring, Karianne Torvanger.

 

Kontakt:
Jan Tore Rosenlund
bygg- og eigedomssjef
e-post: jan.tore.rosenlund@sfj.no  
telefon: 57 65 61 50
mobil: 916 74 735

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00