Bygg- og eigendomstenesta har fått ny sjef

Jan Tore Rosenlund er tilsett som ny bygge- og eigendomssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Jan-Tore Rosenlund (47) tek til som ny leiar ved bygge- og eigendomstenesta frå 1. juli 2010.

Frå 1.januar 2010 til 1.juli 2010 vil han fungera som assisterande bygge- og eigedomsjef. Rosenlund tek over etter Torolf Norheim som frå 1. juli 2010 trekker seg attende etter sju år som bygge- og eigedomsjef. Norheim held fram i stiling som spesialrådgjevar.


Rosenlund er fødd og oppvaksen på Leikanger og bur i dag med familie i Sogndal. Rosenlund er utdanna ingeniør/bedriftsøkonom og har lang røynsle med prosjektstyring og eigendomsutvikling frå rådgjevarbransjen. Han er nok kjent for fleire i organisasjonen vår då han har hatt ei rekkje oppdrag for fylkeskommunen, bl.a. som prosjektleiar ved nybygga til skulane i Førde, Måløy, Stryn, Eid, Sandane og Sogndal

 

- Gjennom eit svært godt og utviklande samarbeid har eg lært fylkeskommunen å kjenna, og eg ser no fram til å vera med på å forvalte og vidareutvikle dei store fylkekommunale eigedomsverdiane på best mogleg måte, seier han.

Del dette:

Relaterte lenker