Bussruteproduksjon

Det er dagleg om lag 200 bussar og 150 småbilar i drift. Årleg vert det produsert om lag 8 mill. kilometer, tilsvarande 200 rundar rundt jorda. Fylkeskommunen nyttar årleg 315 millionar på å kjøpe bussruteproduksjon og hentar inn om lag 85 mill. kr i inntekter.

Alle avtalar om ruteproduksjon med buss er no konkurranseutsett. Det er sett strenge krav til både miljø og universell utforming utifrå det som var tilgjengeleg på utlysingstidspunktet.

Buss- og bilmarknaden er standardisert med løysingar for dei fleste formål. Oppdragsgjevar kan bestemme kva type løysingar og nivå som skal veljast. Kostnaden med å utvikle nye løysingar for bussmarknaden er svært ressurskrevjande. Rett størrelse på bussmateriellet slik at vi ikkje køyrer med for store vogner er viktig for å redusere miljøbelastninga.

Skuleskyss er hovudfunksjonen innan bussrutedrifta. For å produsere dei fleste bussruter i Sogn og Fjordane, vert det i hovudsak nytta ledig skuleskyssmateriell.

Utvikling

Siste åra er ei rekke av dei fylkeskryssande fylkeskommunale rutene overtekne av kommersielle aktørar. Dette gjev lågare fylkeskommunal produksjon, inntekter, risiko og kostnad. Samstundes får fylkeskommunen mindre påverknad på viktige reisekorridorar i rutesystemet.    

Miljø

Etter kvart som nye anbodsavtalar vert fasa inn kjem det nytt bussmateriell i produksjon. Det er stilt krav til det nyaste innan motorteknologi (Euro 6) for å få meir miljøvenlege bussar. Hybrid, batteri og hydrogen var ikkje utprøvd teknologiar når dagens avtalar vart utforma.

For buss er det i stor grad «hyllevareteknologi» som vert nytta. Bussane er masseproduserte og det er lite aktuelt for små aktørar å utvikle eigen/ny teknologi. Det mest aktuelle for mindre kjøparar er å setje krav til dei mest hensiktsmessige miljøvenlege løysingane for buss som til ei kvar tid er tilgjengeleg ved anbodsutlysing. Det vil òg vere naturleg å opne opp for å teste ut ny teknologi etter kvart som den er klar for det, slik at vi held oss oppdaterte på aktuelle alternativ. Til dømes er det under utprøving ein bybuss i Førde med hybridteknologi.  Du kan lese meir om miljø i eige kapittel.

Universell utforming

Fylkeskommunen har ikkje stilt spesielle krav som berre gjeld Sogn og Fjordane, men har sett krav om bestemte standard vognkategoriar med strenge krav til universell utforming.  

Dette betyr at det er rullestolheis i alle bussar som ikkje har låg-entre (lågt golv, t.d. bybuss). Vidare er bussane innreia med fargar og kontrastar og har handtak som gjer det betre for alle å bevege seg i bussane.

Småbilar

Det vert nytta om lag 150 småbilar i ruteproduksjon. I hovudsak er dette drosjer og turvogner som vert nytta til skuleskyss og ruter med få passasjerar. I tillegg er det ein del foreldre som køyrer borna sine mot betaling.

Småbilane som vert nytta er av alle størrelsar og fasongar frå 5 seter til 16. Bilane er ofte spesialtilpassa transportoppdraget, t.d. ved rullestoltransportar. Fylkeskommunen har ikkje spesielle krav til desse vognene anna enn at dei skal vere godkjende etter gjeldande regelverk og tilpassa oppdraget.

I eit miljøperspektiv er det viktig å nytte lettast og minst mogleg materiell i ruteproduksjonen.

Alle avtalar om ruteproduksjon med buss er no konkurranseutsett. Det er sett strenge krav til både miljø og universell utforming utifrå det som var tilgjengeleg på utlysingstidspunktet.

Buss og bil marknaden er standardisert med løysingar for dei fleste formål. Oppdragsgjevar kan bestemme kva type løysingar og nivå som skal veljast. Kostnaden med å utvikle nye løysingar for bussmarknaden er svært ressurskrevjande. 

Rett storleik på bussmateriellet slik at vi ikkje køyrer med for store vogner er viktig for å redusere miljøbelastninga. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954