Bulyst-midlar til Jostedal, Værlandet og Bremanger

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete var i dag på plass i Jostedal for å dele ut bulyst-midlar. Jostedal Bygdelag og Værlandet Vel får 475 000 kroner til eit felles bulyst-prosjekt. I tillegg får Nye Bremanger 1,5 millionar kroner til prosjektet «Pendling – stressless – bulyst».

– Bulyst-midlane er viktige for å byggje opp under entusiasme og pågangsmot i lokalsamfunna. Jobben må gjerast av dei som bur der, men bulyst-midlane kan vere til inspirasjon. Dei kan òg vere ei koordinerande kraft, sa Liv Signe Navarsete.

Representantar frå grendelaga, dei to kommunane og fylkeskommunen deltok på tildelinga i Jostedal.

Utfordring å få ungdom tilbake

Prosjektet «Fjellfolk, havfolk og byfolk – om å skape flyttemotivasjon av vill natur og spanande lokalsamfunn» er eit samarbeid mellom Jostedal Bygdelag og Værlandet Vel. Dei to har funne kvarandre blant anna gjennom tidlegare bygdeutviklingsprosjekt.

– Vi har ein fellesnemnar i spektakulær natur sjølv om vi er ytterkantar i fylket. Det er frå hav på Værlandet til bre og fjell i Jostedal. Og vi har ei utfordring med å få ungdom tilbake. Då må vi stille oss spørsmåla kva drøymer ungdom om at Jostedal skal vera, kva vil dei jobbe med, kva må til for at dei blir verande og kjem tilbake, slo Marit Aakre Tennø i Jostedal Bygdelag fast.

Naturbaserte reiseopplevingar

Målet med prosjektet er å skape bulyst og attraksjonsverdi av naturbaserte reiseopplevingar i lokalsamfunna. Dei vil finne ut om det er mogleg å byggje eit miljø for naturoppleving, som er sterkt nok til å vege opp for avstandsulempene som både Jostedal og Værlandet har. Prosjektet skal gjennomførast i 2013 og 2014.

Begge bygdelaga ønskjer å engasjere ungdom til å ta del i reiselivet i dei to grendelaga og kommunane og slik bruke ungdom aktivt for å styrkje grunnlaget for bulyst.

– Bygdeutvikling er eit langsiktig arbeid for å skape robuste lokalsamfunn og arbeidsplassar. Bulyst-midlane er ein måte for den nasjonale politikken å spele på lag med lokalsamfunna, sa kommunal- og regionalministeren.

Over to millionar til Nye Bremanger

Det er kommunal- og regionaldepartementet som deler ut bulyst-midlane. Fylkeskommunane tilrår kva prosjekt i kvart fylke dei meiner bør få midlane. Til saman 32 millionar kroner vert i dag fordelte til prosjekt i heile landet. To prosjekt i Sogn og Fjordane får støtte i denne omgang.

Samstundes som Navarsete var på plass i Jostedal, var stortingsrepresentant Erling Sande i Bremanger for å møte representantar frå kommunen og frå Nye Bremanger. Dei får 1,5 millionar frå kommunal- og regionaldepartementet til prosjektet «Pendling – stressless – bulyst». I tillegg får dei 670 000 kroner frå fylkeskommunen.

Les meir om prosjekta i saksutgreiinga for prioritering av bulyst-søknadar.

Les òg

Erling Sande delte ut over 2 millionar i bulyst-midlar i Bremanger

For meir informasjon

Audun Oddekalv
leiar i Værlandet Vel
tlf. 481 32 779
e-post: fiskeredskap@enivest.com

Svein Norberg
leiar i Jostedal Bygdelag
tlf. 994 38 333
e-post: svein@bravob.no

Del dette:

Relaterte lenker