Budsjett 2014 må reduserast med 5,6 millionar kroner

Fylkestinget vedtok i desember fylkeskommunen sitt budsjett for 2014. No viser det seg at utgiftssida må reduserast med 5,6 millionar kroner, på grunn av ein større reduksjon enn føresett i dei regionale utviklingsmidlane.

I statsbudsjettet til regjeringa vart dei regionale utviklingsmidlane reduserte med 430 millionar kroner på landsbasis – i høve opphavleg framlegg. Det kom ikkje noko fylkesvis fordeling i 2013, og Sogn og Fjordane fylkeskommune føresette ein reduksjon på 26 millionar kroner. Dette var basert på kor stor del av dei samla utviklingsmidlane vi har hatt.

Større kutt enn venta

No har regjeringa kome med den fylkesvise fordelinga, og denne viser at kuttet vert på 31,6 millionar kroner for Sogn og Fjordane sin del. Dermed må budsjettet til fylkeskommunen reduserast med ytterlegare 5,6 millionar kroner.

Fylkesrådmannen rår til at det nye kuttet vert fordelt på sektorane samferdsle og plan og næring. I tilrådinga til hovudutvala og fylkesutvalet rår fylkesrådmannen til slik fordeling

  • Bransjeretta næringar (reiseliv) ned med 400 000 kr
  • Nyskaping (kommunale næringsfond) ned med 1 000 000 kr
  • Lokalt plan- og utviklingsarbeid (småkommuneprogrammet) ned med 2 400 000 kr
  • Fylkesvegar, drift og vedlikehald, ned med 1 800 000 kr

Hovudutvalet for plan og næring og hovudutvalet for samferdsle kjem med tilrådingane sine til fylkesutvalet høvesvis 20. og 22. januar. Fylkesutvalet skal ta endeleg stilling til saka 29. januar.

Saka til hovudutvala

sak 0001/14: Reduksjon av budsjett som følgje av redusert ramme frå kap. 551 post 60

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut