Bruke eiga maskin eller kjøpe utanom vår ordning

Maskina di må vere god nok til læringsarbeidet på skulen. Den må ha Windows eller Mac OS, samt antivirus installert. Maskiner med «Windows S» kan ikkje nyttast då dei ikkje kan installere dei programma du skal bruke.

Vi tilrår at maskina du skal bruke har SSD-lagring. Det trådlause nettverkskortet på maskina må minimum støtte standarden 802.11ac og 5Ghz nett.

Alle elevar får nytte MS Office 365 og digitale ordbøker gjennom våre avtalar. Som elev må du oppdatere maskina di jamleg og passe på å halde den i stand til å køyre desse programma. Du er sjølv ansvarleg for lagring og sikring av data (backup) samt generelt vedlikehald av maskina.

PC eller Mac?

På fleire av utdanningsprogramma vert det nytta programvare som berre fungerer med Windows (sjå under). For mange elevar vil PC difor vere det beste alternativet. Dersom du likevel ynskjer å bruke Mac på desse utdanningsprogramma, må du skaffe deg ein Windows-lisens i tillegg, slik at du kan køyre desse programma i Windows på Mac (dual-boot). Det finst også programvare som kan køyre Windows i ei virtuell maskin.

  • Utdanningsprogram der Windows er naudsynt: Teknikk og industriell produksjon, Byggfag og Elektro.
  • Har du lese- og skrivevanskar? Nokre program, som LingDys, Textpilot o.l., er berre laga for Windows. Brukar du desse programma, lyt du ha Windows. Det finst også programvare laga for bruk på Mac OS (Lingpilot, IntoWords).
  • Medium og kommunikasjon: Skal du gå medium og kommunikasjon bør du kontakte skulen du har søkt ved før du bestiller. Skulen har råd om kva for modell som er best eigna. Dersom du er usikker på om du kjem inn på dette tilbodet kan du tinge elev-pc, og avbestille undervegs. Betalinga vert då refundert til kontoen som vart nytta ved kjøpet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut