Skilt som høyrer til Dagsturhytta i Bremanger

(Foto: Atle Skrede)

Bremanger: Vetehytta

Dagsturhytta i Bremanger skal plasserast på Veten våren 2019.

Tilkomst og parkering

Parkering ved Grotlesanden. Stien starter ved naustrekkja og vidare til steingard og grind til utmarka. Stien er ikkje merka, men er svært tydeleg heile vegen.

Stien til hytta

Når du passerer grinda i steingarden starter du på den første stigninga som går jamt bratt oppover på steinsti til Grolsdalen ca 300 moh. Nesten oppe må du forbi eit litt luftig område. Etter elva flatar stien ut over ei myr på ca 500 m. Det kan vere vått i dette området. Her starter neste stigning. Stien er no meir grus og gras. Det er jamt bratt oppover til om lag 500 moh. Igjen flatar stien ut og går over ei fin grasflate til det er om lag 500 meter igjen til toppen, då det kjem ei lita stigning før mål.

Avstandar

Hytta vert liggande på om lag 527 meter. Turen opp tek om lag to timar i moderat tempo.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut