Foto som syner graving av ei grøft til breiband. Vi ser ei minigravemaskin som grev, bak den står ein bil og ein hengar.
Foto som syner graving av ei grøft til breiband. Vi ser ei minigravemaskin som grev, bak den står ein bil og ein hengar.

Foto: Olav Skarsbø

Breiband

Breiband vert av mange løfta fram som avgjerande viktig for konkurransesituasjonen for offentleg og privat verksemd. Eit godt breibandtilbod gir potensial for staduavhengige kompetanse-arbeidsplassar, nye bedrifter, positivt omdøme og berekraftig befolkningsutvikling.

Breiband er også sentralt innan formidlingstenester og utviklinga av velferdsteknologi innan helse- og omsorg. Tilgang til breiband av god kvalitet og med tilstrekkeleg kapasitet er ein føresetnad for digital deltaking og for at alle innbyggjarar skal kunne nytte grunnleggande offentlege tenester.

Digital infrastruktur er og ein viktig føresetnad for andre typar kritisk infrastruktur. Det er viktig at breibandet har god driftstryggleik og oppetid i beredskapssituasjonar. I slike situasjonar er det særs viktig med tilgang til tele- og datanett ved ein rekkje kritiske lokalitetar i fylket.

Turisme er viktig for å halde på busetnad og sørvistilbod i Sogn og Fjordane. Mange stader med stort besøk har få faste innbyggarar. Tilgang på trådlaust breiband slike stader er ein viktig kvalitet for den reisande.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00