Rullar med oransje fiberkablar.

Breiband

Fylkeskommunen har som mål at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere andre generasjon breiband innan 2020. Strategien er fylkeskommunal, men han er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.

 

Regjeringa har etablert ei tilskotsordning for breiband. Gjennom denne ordninga vil ein sikre eit breibandtilbod til områder der det ikkje er lønsamt å byggje ut på kommersielle vilkår.

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) gjev kvart fylke ei årleg ramme basert på ein fordelingsnøkkel. Det er berre kommunar eller samanslutningar av kommunar som kan søkje om midlar. Søknadane skal sendast frå kommunane til fylkeskommunen, og ikkje til Nkom. Fylkeskommunane sender ei samla innstilling til Nkom med prioriterte prosjekt innan eige fylke. Eigendelen for husstandane, kommunane og fylke er om lag 1/3, staten dekker om lag 1/3 og vi forventar at utbyggar/leverandør dekker om lag 1/3 av totalkostnaden. Husstandar og bedrifter må kontakte sin kommune for å melde inn behov.

Her finn du spørsmål og svar om tilskot til breibandutbygging

Meir informasjon om utlysing av midlar og søknadsskjema.

I statsbudsjettet for 2019 og i revidert nasjonalbudsjett er det sett av 250 millionar kroner til denne tilskotsordninga. Midlane vi fekk i Sogn og Fjordane i 2019 er dessverre redusert samanlikna med dei føregåande åra. Reduksjonen skuldast endra tildelingskriterier. I 2018 var det sett av 149 millionar kroner, av dette fekk vi 17,4 millionar kroner til prosjekt i Sogn og Fjordane.

Her finn du ei oversikt over prosjekt som fekk støtte i 2018.

Kommunane i Sogn og Fjordane har i perioden 2014-2019 fått om lag 138 millionar kroner i statstilskot. Tilskotet har til no utløyst ei breibandutbygging i fylke til ein verdi av om lag 375 millionar kroner.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Kristin Arnestad
Seniorrådgjevar
Kristin.Arnestad@sfj.no
906 16 843