Borer fjellbrønnar for å kjøle ned ny datasentral på Fylkeshuset

Sogn og Fjordane fylkeskommune byggjer nytt serverrom på Fylkeshuset i Leikanger. For å få ein framtidsretta datasentral vil fylkeskommunen nytte såkalla frikjøling av dataserverane. Kjølinga skal skje ved hjelp av fjellbrønnar, og det vert no arbeidd med å bore slike rundt Fylkeshuset.

Sogn og Fjordane fylkeskommune satsar på IKT og blei både i år og i fjor kåra til årets eFylkeskommune. Satsinga fører til at det sterke IKT-miljøet i Leikangar stadig får nye utfordringar. Nytt serverrom er ein av de tinga som står på programmet no som det gamle nesten er fullt.

Kjøling utan tradisjonelle kjølemaskiner

Drift av dataserverar er energikrevjande, og det er normalt nesten like energikrevjande å kjøle dei ned.

For å få eit framtidsretta serverrom, vil fylkeskommunen nytte såkalla frikjøling av dataserverane. Det betyr at kjølinga skjer utan bruk av tradisjonelle kjølemaskinar. Straumforbruket til kjøling blir då 80–90 prosent mindre enn vanleg. Det gir spart energi, og det blir også enklare i periodar der stramen fell vekk, og drifta er avhengig av naudaggregat.

Varmen skal overførast til grunnen under Fylkeshuset ved hjelp av fjellbrønnar, og det er difor det no føregår borearbeid rundt bygget.

Kan nyttast til oppvarming om vinteren

Frikjøling ved hjelp av fjorden var også eit mogleg alternativ. Ønsket om å ha eit lukka system med fleire separate kursar mest mogleg innanfor eiga kontroll, vog tyngst då ein valde løysingar med fjellbrønnar.

Systemet blir også bygd opp på ein slik måte at varmen på litt sikt kan nyttast til å varme opp sjølve huset om vinteren. På den måten gjev det ei større innsparing på innkjøpt energi.

For meir informasjon, ta kontakt med

Magne Westvik
telefon: 402 03 733
e-post: magne.westvik@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker