Blilyst på Bulystkonferansen 2013

«Arbeidslyst + bulyst = blilyst». Dette er tema for Bulystkonferansen 2013. Konferansen vert på Skei Hotel 9. og 10. april. Kva skal til for at tilflyttarane blir verande?

Konferansen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, kommunane Jølster, Gloppen og Luster og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Internasjonal marknad og arbeidsmarknad

Folketalsveksten i bygdekommunane dei siste åra kjem i hovudsak som følgje av tilflytting frå utlandet. Folk flyttar til distriktskommunane på grunn av god arbeidsmarknad. Kven er dei nye bygdebuarane, korleis opplever dei å vere der, og kva skal til for at dei blir etter at første jobboppdrag er slutt?

Eitt anna tema er globalisering, internasjonalt eigarskap, internasjonale marknader og ein internasjonal arbeidsmarknad. Kva betyr dette for for næringslivet i bygdekommunane og utviklinga av lokal arbeidsmarknad?

Gode og varierte innleiarar

Arrangørane er godt nøgde med å ha skaffa seg innleiarar med førstehands kjennskap til temaet:

  • Leo Ajkic, kjent stuntreporter og programskapar frå NRK med «Leo og de utstøtte» og «Leo og U-landslaget». Ajkic, som kom frå Mostar i Bosnia-Hercegovina til Bergen i 1994, skal formidle kva plass bygde-Norge har i hovudet på ein innvandrar.
  • Atle Gandrudbakken, direktør i Avery Dennison: Globalisering og lokale effektar, evne til omstilling og utvikling.
  • Jan Andersson, næringssjef i Åre kommune i Sverige skal fortelje om «Hur gjør man glesbygden attraktiv genom att kopla turism og kunnskapsintensiv verksamhet?»
  • Marit Aure, seniorforskar frå NORUT har jobba med mellom anna internasjonal migrasjon, integrasjon og deltaking. Ho vil ta for seg temaet «Kven er dei, korleis opplever dei bygde-Norge og kva skal til for at dei blir?»

Andre innleiarar er Sindre Kinnerød (Flash studio og Oppdrag Sognefjorden), Mariann Villa (Bygdeforskning), Richard Grov (direktør Alexandra Hotel), Grete Netteland (førsteamanuensis Høgskulen i Sogn og Fjordane) og Anders Felde (leiar i Breim Bondelag).

Følg Bulystkonferansen 2013 på Facebook

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har lyst ut 35 millionar kroner til prosjekt som kan skape bulyst. Søknadsfristen er 8. mars.

Har du spørsmål om konferansen, kan du ta kontakt med

  • Marit Elisabeth Larsen, Gloppen kommune tlf. 997 24 798
  • Laila Bergheim Ommedal, Jølster kommune, tlf. 992 02 653
  • Georg Arnestad, Høgskulen i Sogn og Fjordane tlf. 57 67 61 14
  • Olav Grov, Luster kommune tlf. 977 64 587
  • Geir Lyngaas, Sogn og Fjordane fylkeskommune tlf. 918 33 209

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut