Foto frå fylkesve 700 gjennom Sandane sentrum
Foto frå fylkesve 700 gjennom Sandane sentrum

Motiv frå Sandane. Foto: Jan-Tore Egge

Bli med på webinar om handel og attraktive tettstader

Tysdag 19. mars kan du delta på ope webinar om handel og attraktive tettstader. Webinaret er ein del av arbeidet med revisjon av handelsføresegna i Sogn og Fjordane, og vert arrangert i samarbeid med Distriktssenteret.

Oppdatering 20.03: Følg denne lenka for å sjå webinaret i opptak!

På webinaret får du ny og oppdatert kunnskap om utfordringar og moglegheiter knytt til handelsetablering og tettstadutvikling. Kvar bør handelen etablera seg for å bygga opp om gode og levande tettstader, samstundes som ein skal sikra god balanse mot omsyn som miljø, regional konkurranse og arealbruk?

Innleiarar og tema på webinaret

Fylkeskommunen vil innleia med ei kort orientering om revisjon av handelsføresegna som er bakgrunnen for webinaret.

Distriktssenteret snakkar deretter om kva vi veit om attraktive tettstader og korleis ulike kommunar og fylke jobbar med dette.

Bø kommune vil gi eksempel på korleis dei har lukkast i arbeidet med handelsetableringar og utvikling av tettstaden Bø. Kommunen er representert med både administrativt og politisk nivå.

Transportøkonomisk institutt (TØI) tek for seg handelen: korleis ser handelsnæringa ut i dag, korleis har utviklinga vore og kva skjer med handelen framover?

Alle kan delta og stilla spørsmål

Undervegs i webinaret vert det mogleg å stilla spørsmål til innleiarane via chat. Spørsmåla vert samla inn og stilt til aktuelle mottakarar på slutten av webinaret.

Webinaret er spesielt retta mot folkevalde og tilsette i kommunane i fylket, samt lokale handelsorganisasjonar. Alle som ønskjer å delta er likevel velkomne.

Praktisk informasjon

Tid: Tysdag 19. mars kl 13.00–ca. 14.15

Stad: Kor som helst, berre du har tilgang til pc eller nettbrett og internett!

Påmelding: Meld deg på via denne lenka

Bakgrunnsinformasjon: Eksisterande handelsføresegn (pdf), Planprogram for revisjon av handelsføresegna (pdf)

Program:

  • Velkommen og kort innleiing Synnøve Stalheim, plansjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Korleis utviklar vi framtidas tettstadar? Trude Risnes, Distriktssenteret
  • Eksempel frå kommune: Korleis har vi lukkast i arbeidet med handelsetableringar og utvikling av tettstaden Bø? Borgar Kaasa (ordførar), Kristin Karlbom Dahle, Aslak Gilde og Geir Sønstebø, Bø kommune
  • Korleis ser handelsnæringa ut i dag, korleis har utviklinga vore og kva skjer med handelen framover? Marianne Knapskog, Transportøkonomisk institutt (TØI)
  • Spørsmål og svar

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut