Beste eFylkeskommune i 2010

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk prisen som beste e-fylkeskommune 2010. Dette vil seie at Sogn og Fjordane er den beste fylkeskommunen i landet på digitale tenester til mellom anna innbyggarar og næringsliv, tryggleik, breiband, IKT - arkitektur og strategisk IKT - leiing.

I grunngjevinga til KS heiter det:

”Sogn og Fjordane fylkeskommune er god på IKT i skolen, de skårer høyt på sine interne systemer som arkivering og saksbehandling, samt informasjonssikkerhet, IKT-arkitektur, bruk av åpne standarder og integrasjon. Sogn og Fjordane er opptatt av miljø – også innen IKT. De har jobbet bra med bredbånd og ledelsen har IKT på sin dagsorden. Sogn og Fjordane bør jobbe videre med lokaldemokrati og tjenester på nett.”

KS og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) gjorde våren 2010 den årlege kartlegginga i bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i kommunesektoren ved å sende ut elektronisk spørjeskjema til alle kommunar og fylkeskommunar. Kartlegginga var gjort på bakgrunn av måloppnåing av måla i styringsdokumentet eKommune 2012. Sogn og Fjordane fylkeskommune scora godt på mange av måleindikatorane, men har og forbetringspotensiale på fleire områder, mellom anna i forhold til tenestar på nett.

Fylkesrådmann Jan Øhlckers seier i ein kommentar at han er svært glad for prisen: - Det viser at fylkeskommunen er langt framme på IKT- området, men at vi framleis har forbetringspotensiale og at det er mål å strekke seg etter. Det viser også at fylkeskommunen er på rett veg i høve eKommune 2012 – lokal agenda, avsluttar han.

Pressemelding frå KS med grunngjeving for tildelinga av prisen

Del dette:

Relaterte lenker