Beste eFylkeskommune for andre år på rad

KS har kåra Sogn og Fjordane fylkeskommune til beste eFylkeskommune i 2011 – for andre året på rad. – Vi er svært takksame for prisen som syner at IKT-satsinga i fylkeskommunen er målretta. Den viser òg at vi tilbyr brukarane våre gode tenester, noko vi legg stor vekt på, seier driftsleiar Tom Sølve Myklebust.

Prisen vart delt ut av direktør for KS Innovasjon og utvikling, Trude Andresen, under KS-konferansen Digitalt veiskille tysdag 10. mai. Driftsleiar Tom Sølve Myklebust tok imot prisen på vegne av fylkeskommunen.

Har arbeidd målretta

– Dette betyr at Sogn og Fjordane i gjennomsnitt er den beste fylkeskommunen i landet på dei måleindikatorane KS nyttar. Ny teknologi til rett tid gjer mellom anna at systema våre samhandlar godt. Ein slik pris fortel oss at vi nyttar ressursane våre på ein god måte. Likevel er det viktig å vere klar over at vi framleis har forbetringspotensial, seier Myklebust.

KS skriv følgjande i grunngjevinga for prisen:

Vinneren har de siste årene arbeidet strategisk og målrettet knyttet til integrasjoner og verktøy internt i organisasjonen. Gjennom flere år har vinneren bidratt til integrerte løsninger for kommunikasjon mellom sak-/arkivsystemer i kommuner og fylkeskommuner. Kommunen jobber også systematisk med kompetanse og har blant annet ansatt dedikerte ressurser til digital læringsplattform. Årets vinner gjentar fjorårets bragd - og tar nok en gang prisen for beste fylkeskommune.

Prisen blir delt ut for 6. gong, og på konferansen vart det også delt ut prisar til kommunane. Bergen, Sørum og Dovre kommune fekk kvar sin pris i kategoriane store, mellomstore og små kommunar.

For meir informasjon, ta kontakt med

Tom Sølve Myklebust
Driftsleiar IKT
Telefon: 415 30 977
E-post: tom.solve.myklebust@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker