Foto som syner eit mindre steinras som er kome ned på bilvegen. Det ligg både store og mindre steinar og småbuskar i vegen. Det er sett opp ein sperring, og på andre sida av raset står det to bilar.
Foto som syner eit mindre steinras som er kome ned på bilvegen. Det ligg både store og mindre steinar og småbuskar i vegen. Det er sett opp ein sperring, og på andre sida av raset står det to bilar.

Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen

Beredskap

Beredskap betyr i utgangspunktet å være førebudd på ein situasjon. Det vert brukt spesielt om det å vere førebudd på å møte kritiske situasjonar, dvs. å handtere og redusere skadeverknader av uønskte hendingar som kan føre til skade på eller tap av verdiar eller personskade/dødsfall.

Beredskap omfattar tekniske, operasjonelle og organisatoriske tiltak som er planlagt å sett i verk under leiing av beredskapsorganisasjonen ved ei hending, for å beskytte personell, materiell og verdiar.

Alle har eit ansvar for å førebyggje og handtere kriser og uønskte hendingar. Vi må ta førebyggjande omsyn i alt frå arealplanlegging i kommunane til HMS-tiltak på den enkelte arbeidsplassen. For å kunne handtere kriser må vi ha planar for krisehandtering, og det må gjennomførast øvingar i tråd med desse planane. Alle aktørar på sentralt, regionalt og lokalt nivå har ansvar for dette. All planlegging skal fremje samfunns-tryggleik. Det går fram av mellom anna plan- og bygningslova. Som lokal planstyresmakt har kommunane ansvar for og heimel til å nekte at areal som er eller kan vere utsett for fare, blir tekne i bruk. Dette gjeld for så vel enkeltståande byggjetiltak som meir omfattande planar. 

I praksis betyr dette blant anna at bustadfelt og institusjonar ikkje må leggjast til område som er utsette for flaum, ras eller andre hendingar som kan innebere fare for liv og helse. Det bør òg vere alternative forsyningsvegar av drikkevatn og straum dersom hovudtilførslane skulle bryte saman. Ved etablering av nye samferdselsårer skal bustadområde, skular og andre institusjonar skjermast best mogleg.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00