Fylkesordførar ved skrivebordet med vindauge i bakgrunnen
Fylkesordførar ved skrivebordet med vindauge i bakgrunnen

Fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Thor-Aage Lillestøl/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ber om møte om fråværsreglar

Etter initiativ frå fylkesordførar Jenny Følling ynskjer fylkesordførarane frå Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland å ta opp problemstillingar knytt til nytt fråværsreglement med kunnskapsministeren. Dei har i eit felles brev bedt om møte med Torbjørn Røe Isaksen.

Dei tre fylkeskommunane har fatta vedtak som omhandlar fråværsreglementet og ønskjer å trekke fram sine konkrete utfordringar i møte med ministeren.

For Sogn og Fjordane sin del vert det ei oppfølging av vedtaket i hovudutval for opplæring 31. august. Hovudutvalet er oppteken av likebehandling for alle elevar og ønskjer smidige rutinar for dokumentasjon. Mellom anna ønskjer dei at obligatoriske køyrekurs ikkje skal reknast opp mot 10 prosent-grensa for fråvær.

I brevet som vart sendt 6. september legg fylkesordførarane til at det vil vere naturleg at dei respektive opplæringsansvarlege i kvart fylke også deltek i møtet.

Brev: Møte med kunnskapsdepartementet om nasjonale fråværsreglar

Kontaktperson

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00