Bar vatn for TV-aksjonen

Årets TV-aksjon er til inntekt for at éin million menneske skal få livslang tilgang til reint vatn. For å markere aksjonen, leverte fylkesordførar Åshild Kjelsnes ei bøtte med vatn og ei oppfordring til Fylkesmannen.

I år fyller TV-aksjonen 40 år. Denne gongen er det Kirkens Nødhjelp som er mottakar for innsamlingsaksjonen, og målet er klart: Noregs befolkning skal samle inn nok pengar til å gi minst éin million menneske livslang tilgang til reint vatn. For at berre éin person skal få reint vatn livet ut, kostar det berre 200 norske kroner.

Pengane går til vatnprosjekt i Haiti, Afghanistan, Pakistan, Somalia, Sør-Sudan, Sudan, Etiopia og Tanzania.

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, tykkjer det er viktig at folk i fylket bidreg til aksjonen.

– I Noreg er vi heldige og har tilgang på reint vatn nesten uansett kvar vi er. Det er eit privilegium som vi ofte tek for gitt, og no må vi gi tilbake, seier Kjelsnes.

Utfordra fylkesmannen

I anledning TV-aksjonen ville Kjelsnes markere den med å gjere som blant anna Sogndal Fotball; bere vatn. Dette gjorde ho onsdag denne veka, då ho bar ei bøtte med vatn frå Fylkeshuset til Fylkesmannen, ei strekning på om lag 100 meter. Her møtte ho assisterande fylkesmann, Gunnar Hæreid, som tok over stafettpinnen. Eller bøtta.

– Eg vil med det oppfordre fylkesmannen til å ta det vidare. Kanskje det er nokon der som vil vere bøsseberar, eller bidra med pengar?

Og Fylkesmannen tok imot utfordringa:

– Bøtteberinga er ei konkret påminning om at det er mange som må gå langt etter vatn i verda. Hjå Fylkesmannen spreier vi informasjon om TV-aksjonen gjennom våre kanalar, mellom anna i eit innlegg på Fylkesmannsbloggen og eit eige informasjonsmøte for tilsette, seier assisterande fylkesmann, Gunnar Hæreid.

Vil på topp

Sogn og Fjordane har i mange år trona øvst på toppen når det gjeld givarglede, men i fjor raste fylket ned til 7. plass.

– Det må vi ta som ei utfordring. Vi vil hamne øvst på lista igjen. Dette klarar vi, seier ein optimistisk fylkesordførar.

Kristin Sandal, fylkesaksjonsleiar i Sogn og Fjordane, er einig med fylkesordføraren.

– I Sogn og Fjordane er vi eineståande på bøsseinnsamling. Vi klarar å få nok bøsseberarar og samlar inn mykje pengar på aksjonsdagen. Dette har vi gjort at vi i mange år har toppa landsstatistikken, og det skal vi gjere igjen, seier Sandal.

Fakta om vatn:

  • Mangel på vatn og sanitære fasilitetar krev kvart år mange fleire liv enn våpen gjer i krig.
  • Om lag kvar niande person på jorda har ikkje tilgang til reint vatn, 780 millionar menneske
  • I verden i dag er det fleire menneske som har mobiltelefon enn som har tilgang til ein do
  • Halvparten av verdas sjukesenger blir brukt av pasientar som lid av sjukdommar assosiert med manglande tilgang til trygt vatn, sanitære fasilitetar og dårleg hygiene.

Slik kan du bidra:

Meld deg som bøsseberar på blimed.no eller ring 02025.
Vil du gi pengar?
Innsamlingskonto: 8380 08 09005
Næringslivskonto: 8380 08 05200

Kontaktperson:

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar, Sogn og Fjordane
E.post: ashild.kjelsnes@sfj.no
Tlf: 918 88 568/57 65 61 17

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut