Balestrandverksemd vart lagt merke til under oljemessa ONS

Quality Intervention (QI) i Balestrand var blant fem utvalde finalistar i Innovation Award for ONS 2012. Dei vart nominerte for teknologien Casing Integrity System (CIS), som framleis er under utvikling.

– Vi vann ikkje klassen vår, men det ligg tyngde i å bli lagt merke til i dette forumet, seier ein av grunnleggjarane av QI, Jostein Alværn.

Til saman 109 oppfinningar frå 90 små og store verksemder vart evaluerte av den internasjonale komiteen Innovation Awards Committee. Topp fem-plassering er då meir enn godkjent for ei oppfinning som enno ikkje er klar for marknaden.

Klar for marknaden neste år

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes besøkte standen til QI på oljemessa i Stavanger og let seg imponere av skaparkrafta deira. CIS er ein ny teknologi skal kan spare oljeindustrien for millionar årleg. Ifølgje Alværn er teknologien meir fleksibel, enklare i bruk og sparer meir kostandar enn løysingane som vert brukte i dag.

Planen er å teste CIS på testriggen Ullrigg i september. Han skal ferdigstillast og vere klar for marknaden medio 2013. QI planlegg då å byggje opp ein drift-, logistikk- og vedlikehaldsbase i Balestrand og utvikle eit kompetanse- og oljeservicemiljø i Sogn.

Takkar Innovasjon Norge

QI vann Reodorprisen i 2011 og fekk DNB Nors innovasjonspris for region vest same år. Alværn takkar gode lokale samarbeidspartar for støtte i utviklingsarbeidet.

– Det hadde ikkje vore mogleg å nå så langt på denne tida utan støtta frå Innovasjon Norge, Balestrand kommune og Sparebanken Sogn og Fjordane. Vi må særleg trekkje fram Atle Torvanger i Innovasjon Norge og næringssjef Johannes Sjøtun i Balestrand, seier han.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00