Avsluttar samarbeid om fornying og omstilling i offentleg sektor

Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sidan 2007 hatt eit samarbeid om tilskotsmidlar til fornying og omstilling i kommunane. Fylkeskommunen avviklar frå 2014 sin del av ordninga.

Fylkeskommunen gjer dette fordi rammene til regional utvikling vart vesentleg reduserte i statsbudsjettet til den nye regjeringa. Kutta er for store til at fylkeskommunen maktar å kompensere dei på eiga hand.

Fylkesmannen held fram med ordninga og har sett av fem millionar kroner for 2014.

Sidan 2007 har fylkeskommunen og Fylkesmannen delt ut totalt 65 mill. kroner i tilskot, fordelt på 150 prosjekt. Fylkesmannen har i sum tildelt skjønnsmidlar til fornyingsprosjekt med 45 millionar kroner og fylkeskommunen 20 millionar kroner. Samarbeidet har vore viktig for gjennomføring av gode og nødvendige tiltak innan fornying og omstilling i kommunane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut