Aurland mobiliserer for folkehelse!

Fungerande rådmann Claus Røynesdal og folkehelsekoordinator Hallgeir Helland inviterte til stormøte i kommunestyresalen i Aurland om forankring og gjennomføring av partnarskap for folkehelse

I 2006 underteikna Aurland og Sogn og Fjordane fylkeskommune partnarskapsavtalen om folkehelse. Gry Helle vart tilsett som folkehelsekoordinator i 50% og Hallgeir Helland overtok etter henne i 2007. I handlingsplanen sin har Aurland satsa på helsefremmande skular og fritidsmiljø, psykisk helse og aktive, levande og inkluderande lokalsamfunn. Kommunen er ein MOT-kommune, og vart vart det fyrste norske "Lokalsamfunnet med MOT" i 2008. Kommunen er også med i SLT-ordninga, og gjennomfører elles mange og ulike tiltak på folkehelseområdet både innanfor skule, kultur, helse/sosial og gjennom dei mange aktive frivillige organisasjonane i kommunen. Aurland er spesielt opptekne av at mange av deira unge droppar ut av vidaregåande skule, og har teke tak i dette ved m.a å tilby tilrettelagt undervisning på Sogn jord- og hagebruksskule.

Fylkeskommunen og fylkesmannen var invitert til møtet for innleie til diskusjon og idèdugnad ved å gje ei oppdatering av partnarskap for folkehelse i fylket, statleg politikk og pågåande regionale satsingar.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette