Bilete av ei av dagsturhyttene.

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Askvoll: Nykshytta

Dagsturhytta i Askvoll ligg ved Nyksvatnet i Holmedal. Hytta er open for publikum frå 1.mai. Den offisielle opninga av Nykshytta vert på søndag 2.juni. Denne hytta skal ha solceller for å få lys og varme i hytta. Den skal i tillegg ha sanitæranlegg.

Tilkomst og parkering

Følg fv. 609 til du kjem til Holmedal. Ovanfor kyrkja køyrer du mot fjellet på den kommunale vegen Morkavegen ca 1,5 km før du svingar til høgre nye 1 km, og du vil komme til parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal.

Stien til hytta

Fyrste del av stien går på ein smal traktorveg til Vikastølen. Derifrå går du på fin sti mot Nyksvatnet som er drikkevatnet til Askvoll og Holmedal. Like før Nyksvatnet kjem du til ein stigaffel, der du tar av til høgre mot Moldura.

Avstandar

Hytta ligg på om lag 455 meter. Stien er om lag 2 km og i vanleg tempo brukar du 45 minutt opp.

Praktisk informasjon

Følg med på Holmedal vel på Facebook for meir informasjon om dagsturhytta. 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut