Arbeid for å unngå heimeulukker mellom eldre i Høyanger, emne på stor konferanse

Folkehelsekoordinator Marit Nordstrand i Høyanger heldt føredrag på den europeiske Safe Community-konferansen (Trygge Lokalsamfunn) i Reykjavik. Emnet var korleis kommunen samarbeider med frivillige for å hindre heimeulukker mellom eldre.


Høyanger starta arbeidet med Trygge Lokalsamfunn i 1998 og vart medlem av Safe Communities i 2002. Nordstrand som sjølv er utdanna helsesøster og har arbeidd som folkehelsekoordinator dei siste fem åra, slo fast at støtte frå Fylkeskommune og Skadeførebyggande Forum er grunnleggande viktig for å lukkast.

Dei som arbeidde med tiltaket gav tilbod om heimebesøk til alle eldre i alderen 75 – 79 år. Dei som skulle gjennomføre besøka var medvitne og trena i å respektere grensene for privatlivets fred. Dei hadde fått klar rollefordeling i høve dei eldre som i forkant hadde fått brev med invitasjon til å delta. Hovudføremålet var å bidra til å hindre fallulukker og brannulukker mellom eldre. Besøkaren kunne også tilby seg å sjekke heimen for ulukkespunkt.

Tre månader etter besøket fekk dei eldre brev med spørsmål om korleis dei var nøgde med besøket. Ei erfaring som kom fram var at mange eldre gjorde utbetringar før dei fekk besøk. Få gjorde endringar etter besøk, men dei aller fleste sette pris på å få slike besøk. Resultata viste ein nedgang i ulukker med beinbrot heime, men Nordstrand ønskte ikkje å trekke altfor bastante slutningar om resultata enno. Gruppa som samarbeidde om denne heimebesøkstenesta, som vart gjennomført i deler av Høyanger, har vore den kommunale folkehelsekoordinatoren, fysioterapeut, eldreråd, Røde Kors og pensjonistar. Resultata har vore så pass vellukka at Nordstrand ønskjer å utvide tilbodet til å gjelde i heile Høyanger kommune.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette