Jenny Følling med fylkesordførarkjede, kvit bakgrunn
Jenny Følling med fylkesordførarkjede, kvit bakgrunn

Foto: Thor-Aage Lillestøl

Alvorleg for næringsutviklinga

Framlegget til statsbudsjett for 2017 er eit alvorleg tilbakesteg for fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør, meiner fylkesordførar Jenny Følling.

– Om regjeringa sitt framlegg om å kutte dei regionale utviklingsmidlane med 16 millionar kroner blir vedteke, så er det svært alvorleg for heile fylket. Det blir sagt at fylkeskommunen og eventuelle regionar skal bli ein endå større regional utviklingsaktør i framtida. Då må vi ha verktøy til å drive utviklingsarbeid i fylket, og vi må ha pengar til å kunne få til den utviklinga fylket treng, slår Følling fast.

Ingen tapskompensasjon

Heller ikkje i år har regjeringa lagt inn auka tapskompensasjon i statsbudsjettet. Fylkesordføraren er skuffa, men er klar på at dette er noko ein no må jobbe hardt for å få inn. I fjor kom tapskompensasjonen inn i statsbudsjettet etter forhandlingane i Stortinget. Fylkeskommunen har føresett 22,5 mill. kr i auke i 2017.

– For Sogn og Fjordane er det spesielt viktig å få auka tapskompensasjonen som følgje av omlegginga i inntektssystemet. No må vi ta kampen på nytt, seier Følling.

Vil ha kulturrådsfunksjonar til Førde

På kulturområdet legg regjeringspartia opp til ei desentralisering. Regjeringa ber kulturrådet gjennomføre ei omstilling som skal resultere i eit kontor utanfor Oslo. Dette kontoret skal arbeide med blant anna kulturell og kreativ næring og kunstnar økonomi og skal koplast til Innovasjon Norge.

– Både fylkeskommunen og Førde kommune har tidlegare sagt at Førde kommune vil vere ein godt eigna stad for å etablere kulturrådsfunksjonar. Dette vil vi no følgje opp og arbeide for å få til, seier fylkesordføraren.

Glad for vegpengar

Fylkesordføraren er derimot nøgd med sikra framdrift i vegsatsinga regjeringa legg opp til i fylket. 144 millionar til Bjørset–Skei i Jølster, 60 millionar til Loftesnesbrui i Sogndal og 130 millionar til skredsikringsprosjekt på strekninga Vangsnes–Vik er prosjekt ho helsar velkomen.

– Det er positivt at regjeringa her følgjer opp vegprosjekt som har fått oppstartsløyving, seier ho.

Statsbudsjettet - samleside for Sogn og Fjordane

Alt om statsbudsjettet på statsbudsjettet.no.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713