Alternativ kollektivtransport

Fylkeskommunen har etablert fleire ordningar med meir fleksible skyssløysingar for bestemte målgrupper. «Trygt heim for ein 50-lapp», Lokale transporttilbod for ungdom, Serviceskyss og tingingsruter er nokre av desse.

Sogn og Fjordane er for grisgrendt til å ha eit rutetilbod med høg frekvens alle stadar. For å betre nytteverdien av ressursane vi brukar til kollektivtilbodet kan det å skreddarsy reisetilbod for ulike brukargrupper vere gode grep.

Ved å samarbeide lokalt med skular, kommunar og helseføretak kan ein lage gode tilbod som treff målgruppene.

″Trygt heim for ein 50-lapp″

Tilbodet om ″Trygt heim for ein 50 lapp″ er eit trafikktryggingstiltak for å redusere ungdomsulykker med bil.

Kvar natt til søndag gjennom skuleåret vert det sett opp større drosjebilar frå ulike tettstadar i fylket. Prosjektet starta opp i 2002, og har sidan vore eit tilbod for ungdommane i Sogn og Fjordane.

Det går ruter frå desse tettstadane: Florø, Førde, Høyanger, Eid, Sandane, Sogndal, Stryn og delvis i Øvre Årdal. Turane har fast avreise stad og tid, og har ein definert rutestrekning der dei gjer mindre avstikkarar slik at dei reisande vert køyrt nær der dei skal. Målgruppa er mellom 16-24 år men ordninga er open for alle aldrar. Billettprisen er 50 kroner for reisande under 30. Dei over 30 må betale dobbel takst.

Tilbodet har vorte brukt jamt av ungdommar sidan det starta opp i 2002. Tal brukarar har siste åra gått mykje ned og ligg no på om lag 6 000 reisande i året. Det er behov for å gå gjennom tilbodet og vurdere justeringar og tiltak. Dialog med brukargruppene og marknadsføring av tilbodet er viktig.

Lokale Transporttilbod for Ungdom (LTU)

LTU er ei ordning som gjev tilskot til fleksible skyssløysningar på ettermiddag- eller kveldstid. Ordninga er styrt av ungdommane, med hjelp frå kommunen. Tilbodet vert utført med drosje, minibuss eller buss og går dit ungdommane vil – når dei vil. Tilbodet er til ungdommar mellom 13-19 år. Midlane vert brukt opp kvart år og det er 16-19 kommunar som søkjer kvart år.

Serviceskyss

Serviceskyss er eit transporttilbod som er ope for alle, og skal vere tilrettelagd for alle. Tilbodet er skreddarsydd den aktuelle målgruppa, i samarbeid med kommunar og lokale organisasjonar.

  • Serviceskyssen skal gje dei reisande høve til å utføre nødvendige tenester på reisemålet på dagtid (9-14) – som butikk, bank, post og helsetenester.

  • Serviceskyssen skal gje dei reisande høve til å nytte seg aveit sosialt tilbod på reisemålet.

  • Serviceskyssen skal bidra til at innbyggjarane i fylket får høve til å bu heime lenger - med betre livskvalitet.

  • Serviceskyssen skal gje eit tilbod i område der det ikkje går andre høvelege ruter.

  • Serviceskyssen skal gje personar som har vanskar med å kome seg til næraste busstopp høve til å verte henta heime.

Målgruppe for serviceskyss

Personar med reisebehov midt på dag til bygde-/kommunesenter, som manglar eit ordinært rutetilbod eller har vanskar med å kome seg til haldeplass.

I dag er det 19 kommunar i Sogn og Fjordane som har tilbod om serviceskyss. Tilbodet om serviceskyss har ei kostnadsramme på om lag 3,5 mill. kr. Det er høve for alle kommunar til å søke om å få etablert denne typen ruter. 

Bestillingsruter

Tradisjonelt har bestillingsruter vore nytta på ruter med viktige funksjonar med få reisande, t.d. tilførsel til båt.

Siste åra er mange lokal og bygderuter med få reisande blitt lagde ned. Det kjem mange innspel frå bygdelag og kommunar om å få etablert bestillingsruter til erstatning for nedlagde bygderuter, slik at det fortsatt kan vere mogleg å reise kollektivt.

Bestillingsruter er mindre ressurskrevjande enn ordinære ruter. Dersom det ikkje er behov for ruta den aktuelle dagen, vert den ikkje utført. Likevel krev bestillingsruter ressursar i form av disponibelt materiell og sjåførar. Vidare må det organiserast bestillingsordning og rutinar for fakturering knytt til utført produksjon.

Sogn og Fjordane er for grisgrendt til å ha eit rutetilbod med høg frekvens alle stadar.

For å betre nytteverdien av ressursane vi brukar til kollektivtilbodet kan det å skreddarsy reisetilbod for ulike brukargrupper vere gode grep.

Ved å samarbeide lokalt med skular, kommunar og helseføretak kan ein lage gode tilbod som treff målgruppene.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00