Kick-off for næringsutvikling i nye Vestland

Til alle som jobbar med næringsutvikling i Vestland.

I lys av at vi blir eit nytt storfylke frå 1.1.2020 ønskjer vi å samle alle som arbeidar med næringsutvikling i kommande Vestland fylke.

Det vert interessante føredrag knytt til innovasjonskraft, samhandling og kultur og døme frå aktørar i fylket. Det er òg eit prosjekt i gang på tvers av fylka som ser på korleis ein skal organisere etablerartilbodet i Vestland fylke; arbeidet herifrå vil bli presentert.

For å saman bli god og arbeide målretta med entreprenørskap, innovasjon, næringsutvikling og etablerarrettleiing i Vestland fylke, må vi samle dei som er god på dette og har det som sitt arbeidsfelt.

Dei to fylkeskommunane, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Vestland inviterer til felles samling. Berre saman kan vi få til å skapa innovasjonskraft i Vestland fylke!

Påmelding og program finn de i lenkja under. Påmeldingsfrist er 30. oktober kl. 13.

: Voss - Fleischers Hotel og Hangurstoppen
Tid: onsdag 20. november - torsdag 21. november
https://sfj.pameldingssystem.no/kick-off-f...