Offisiell opning av sju av dagsturhyttene

Det er dagsturhyttefeber i Sogn og Fjordane! Søndag 2. juni kl. 13.00 er det klart for den store dagsturhyttedagen med offisiell opning av heile sju hytter:

Flora, Gaular, Naustdal, Jølster, Høyanger, Askvoll og Selje (NB: Arrangementet i Selje startar kl. 15.00).

I tillegg er det også lagt opp til turdag ved Dagsturhytta i Gloppen og Eid. Desse to kommunane har allereie hatt sine offisielle opningar, og det vil difor bli eit litt anna program her.

Kl. 13.00 startar folkefesten ved hyttene (Selje kl. 15.00), med snorklipping ved dei som skal opnast.

Til stades vil det vere representantar frå Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og dei ulike kommunane.

Elin Ekorn og Kåre Bjørn frå Kongleriket kjem også på besøk, og dei har med seg både sjokolade og medalje til ungane.

Ta med deg vener, familie, mat og drikke. God stemning fiksar vi!

Vel møtt til folkefest, alle saman!

NB: Praktisk info om dei enkelte arrangementa, som underhaldning, parkering etc, vil du finne her når det er klart: https://www.meirennbank.no/dagsturhytta/

Arrangør: Sparebanken i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og kommunane.
: Nykshytta i Askvoll, Fløgjen i Flora, Skaraly i Gaular, Synkenhytta i Høyanger, Fjellro i Jølster, Steinkorshytta i Naustdal og Sjøglytt i Selje.
Tid: søndag 2. juni 13:00
https://www.facebook.com/events/1783313464...
https://www.facebook.com/dagsturhytta/