Åsen og Øvrelid AS innstilt som totalentreprenør for det nye kunstmuseet i Førde

Det var kome inn tre tilbod på bygging og prosjektering av det nye kunstmuseet i Førde då anbodsfristen gjekk ut 28. oktober. Sogn og Fjordane fylkeskommune har no evaluert tilboda og innstilt Åsen og Øvrelid AS som totalentreprenør for gjennomføringa av prosjektet.

Dei tre som kom med tilbod på totalentreprisen var Harald Kapstad AS, NCC Construction AS og Åsen & Øvrelid AS. Tilboda er vurderte etter pris, gjennomføringsevne/framdrift og løysingskvalitet.

– Vi har vurdert Åsen og Øvrelid AS som den beste tilbydaren etter tildelingskriteria, og vi ser fram til å starte bygginga, seier bygg- og eigedomssjef i fylkeskommunen, Jan Tore Rosenlund.

Fylkeskommunen vil, etter at klagefristen har gått ut, starte arbeidet med å klargjere grunnlag for kontrakt med Åsen & Øvrelid AS. Det er ei målsetting å starte bygginga til våren og ferdigstille bygget sommaren 2012.

Prosjektet er ikkje fullfinansiert slik det ligg føre. Fylkeskommunen vil no, saman med Førde kommune, handsame finansieringssaka før ein eventuelt kan inngå avtale om bygging.

For meir informasjon, ta kontakt med:

Jan Tore Rosenlund
Bygg- og eigedomssjef
E-post: jan.tore.rosenlund@sfj.no
Telefon: 57 65 61 50
Mobil: 916 74 735

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00