www.sfj.no

Tre bileter sett frå dagsturhytta i Førde. Første bilete av hytta, andre frå inne i hytta. Ser stige opp til hems og tøflene klare på golvet. Tredje bilete er tatt utforbi hytta. Det er to koppar og som står ved eit bål og det vert tømt varm kaffi oppi frå ein blå termos.

Bilete frå dagsturhytta Gyttakvia i Førde kommune. Foto: Sissel Straume Svoen

Årsrapport for 2018

Fylkesrådmannen si oppsummering av 2018, den økonomiske stoda og rapport frå alle sektorane i fylkeskommunen er blant innhaldet i årsrapporten, som no er klar.

Samanslåinga med Hordaland, kraftverdiar og rekneskapen er blant tema fylkesrådmannen tek opp i forordet sitt.

Regionreforma har også fått sitt eige kapittel i rapporten, ved sidan av blant anna kapittel om klimaarbeid, planarbeid og likestilling, likeverd og mangfald og eigne kapittel for sektorane næring og kultur, opplæring og samferdsle.

Årsrapporten kan du lese her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker