Årsrapport 2009 vurdert av Farmandprisen

”Sogn og Fjordane fylkeskommune leverer innholdsmessig en spennende rapport”, heiter det i evalueringa fylkeskommunen har fått frå Farmandprisen.

Farmandprisen er ei kåring der både private og offentlege verksemder kan sende inn årsrapportane sine. Det vert kåra vinnarar i ulike klassar, og alle som sender inn, får ei grundig skriftleg evaluering av eigen årsrapport.

– Vi sende inn Årsrapport 2009 til denne kåringa for å få ei uavhengig vurdering av form og innhald. Dette kan vere nyttig for å utvikle rapporten vidare, seier assisterande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer.

Analytisk informasjon høgdepunktet

Juryen framhevar den delen av årsrapporten som går på analyse av eiga verksemd, som særleg god. I evalueringa skriv juryen følgjande:

Årsrapporten byr på en svært grundig og god gjennomgang av alle tjenesteområder med et tydelig fokus på måloppnåelse og resultatvurdering. Juryen trekker spesielt frem kapittelet om medarbeidere som meget bra. Her får vi se gode analyser av likestilling, lønnsstatistikk og alderssammensetninger.

For å gjere denne delen av rapporten endå betre, rår juryen til at ein legg inn ein tydelegare analyse av sektorane som fylkeskommunen arbeider i.

Kan bli betre på design

Alt i alt omtaler juryen Årsrapport 2009 som strukturert og godt sett opp, med den analytiske informasjonen som det klare høgdepunktet i rapporten. Juryen meiner derimot at fylkeskommunen kunne ha gjort ein betre jobb når det gjeld design:

Juryen bemerker imidlertid at det er en del å hente på det designmessige. De fleste sidene i rapporten fremstår så like at det tenderer til det kjedelige. Her kan man gjerne benytte et ulikt sett med grafiske utforminger og grafiske fremstillinger for å bryte opp teksten og gjøre det hele litt mer delikat og leservennlig.

– Vi kan absolutt bli betre på design. Elles er det kjekt å få god tilbakemelding på så mykje av innhaldet, seier assisterande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer.

Etterlyser faktaboksar

Fylkeskommunen får ros for å ha gjort greie for kva ein driv med – kva ein har prioritert, arbeidd med og fått til i løpet av året – på ein ryddig og strukturert måte.

For å løfte rapporten, meiner juryen ein bør supplere med faktaboksar og tabellar med planlagde og framtidige prosjekt innan dei ulike tenesteområda. Dette kan gjerne gjerast i kombinasjon med ein framtidsretta analyse av moglegheiter og utfordringar, skriv juryen. Også i innleiinga av rapporten, i gjennomgangen av året som har vore, meiner juryen at mykje av informasjonen med fordel kunne ha vore skilt ut i eigne tabellar og tekstboksar:

Juryen anbefaler fylkeskommunen å implementere noe mer om fylkeskommunens mandat, viktigste strategiske mål og prioriteringer og nøkkeltall i egne tabeller og informasjonsbokser.

Årsrapport 2009 vert oppsummert som ein innhaldsmessig spennande rapport, men at nivået på presentasjon og formidling gjer at han ikkje hevdar seg i den knallharde konkurransen kåringa er.

Desse stakk av med årets farmandprisar.

Årsrapport 2009.

Del dette:

Relaterte lenker