“Kløften” vann plan- og designkonkurransen om nytt fellesmagasin i Movika

Bystrup Arkitekter og Designere APS, København, Danmark vann den opne plan- og designkonkurransen om nytt fellesmagasin, administrasjon og publikumsareal for Musea i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Museum i Movika i Førde.

Bystrup Arkitekter og Designere APS får kr. 400 000,- for førstepremien. Ein samstemt jury meiner deira forslag med namn “Kløften” var det beste av 30 innkomne forslag. Sjå forslaget her.

Juryen er overtydd om at tenkinga lagt til grunn i “Kløften” med ny tilkomst og ny teknologi i rett målestokk, vil kunne gje eit optimalt prosjekt i høve det utfordrande programmet som ligg føre. Forslaget kan bli vakkert og enkelt nok i høve omgjevnadane.

Det har vore arbeidd i mange år med å få til nybygg for Sunnfjord Museum og magasin for musea i fylket. Med opprettinga av fellesorganisasjonen Musea i Sogn og Fjordane, og utgreiing av behovet for fellesmagasin for alle musea og nye magasin for Sunnfjord Museum, så har denne konkurransen sett fart i ein nødvendig utvikling og klårgjerning av investeringar i Movika i Førde. Fellesmagasinet vil gje nødvendige magasin for alle musea i Sogn og Fjordane.

Juryen meiner “Kløften” er eit moderne bygg for framtida som møter dei museale bygningane og byggeteknikken frå tidlegare tider godt. Eit vesentleg element er inngangspartiet, eit slankt og høgreist glasbygg med skiveverknad, som er godt tilpassa målestokken i landskapet. Med plasseringa i høve friluftsmuseet vil dette kunne bli eit vakkert møte mellom historie og moderne teknologi.

Premiane vart delt ut på eit arrangement på Sunnfjord Museum måndag 29. august. Forslag frå heile 10 nasjonar kom inn, og juryen meiner at utfordringane og moglege løysingar vart godt illustrert gjennom denne konkurransen.

2. premien på 250 000 nkr. gjekk til forslaget med motto Huskestue, forfatta av Framifrå
Arkitekter SA, Oslo v/ Grethe Raen og Sondre Gundersen. Eit svært lokalt bidrag då Grethe Raen har vakse opp i Kusslida med utsikt over Movatnet og museet i Movika. Sjå forslaget her.

3. premien på 150 000 nkr. gjekk til forslaget “Mellom bygning og landskap” forfatta av jaja Architects også dei i frå København, Danmark. Sjå forslaget her.

Heidrande omtale gjekk til prosjekta SMXL v/M.Arch Olav Resell, Oslo og til “Walk in Dance Out” v/Manthey Kula.

Juryen for den opne plan- og designkonkurransen har vore:

1. Inge Bent Arnestad (juryleiar), administrasjonssjef, Musea i Sogn og Fjordane
2. Gunnhild Systad, avd. direktør, Sunnfjord Museum
3. Torolf Norheim og JanTore Rosenlund, seniorrådgivar/bygg- og eigedomssjef, Sogn og Fjordane fylkeskommune, bygg og eigedom. (Rosenlund erstatta Norheim grunna sjukdom frå og med jurymøte 2.)
4. Arlen Synnøve Bidne, kunsthistorikar, Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga
5. Britt Krokene, sivilarkitekt MNAL, oppnemnd av NAL
6. Arve Seger, sivilarkitekt MNAL, oppnemnd av NAL (fagleg sekretær)

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00