– Framtidsfylket-filmen viktig for å lokke folk til fylket

– Det er viktig at vi får marknadsført fylket vårt på ein god måtte gjennom både fylkesfilmen, traineeordinga og karrieremessene, seier Kjartan Longva om kvifor Sogn og Fjordane fylkeskommune har sponsa Framtidsfylket-filmen med 300 000 kroner.

– Unge folk er søte, med si grenselause tru på framtida. Som vårkåte lam, hoppar dei rundt og trur at alt skal bli så flott og fantastisk.

Slik opnar humoristen Finn Tokvam frå Flåm filmen som har som mål å vise fram kva moglegheiter som finst i Sogn og Fjordane, både når det gjeld arbeidstid og fritid.

Fylket i omstilling

– Næringslivet i heile fylket er i omstilling. Nokre tenkjer framleis på fiske når dei høyrer Måløy, men berre tenk på teknologimiljøet som har vakse fram der siste åra. Dei nye næringane krev folk med anna kompetanse, og ein slik film kan vere viktig for å lokke folk til fylket, seier Kjartan Longva, leiar i hovudutval frå plan og næring.

Hovudutvalet løyvde i fjor haust 300 000 kroner til Framtidsfylket-filmen, som ynskjer å rekruttere relevant kompetanse til fylket ved å vise fram eit tverrsnitt av ulike arbeids- og kompetansemiljø. Fylkeskommunen ser ei slik satsing som ein god måte å legge til rette for at yngre menneske vil satse på ei framtid i fylket.

Treng høgt utdanna menneske

Næringsdirektør Jan Heggheim, meiner at fylkeskommunen har som viktigaste oppgåve å leggje til rette for positiv regional utvikling der folk kan bu og arbeide.

– Kunnskapsbaserte næringar vil utvikle seg mest også i vårt fylke i åra som kjem. For å vere på høgde med denne utviklinga, treng vi at menneske med høg utdanning flyttar til fylket. Framtidsfylket gjer ein kjempejobb i denne samanheng, og filmen legg vekt på våre fortrinn, seier han.

Lagt vekt på ekte historier

Anne van Oorschot i Framtidsfylket er godt nøgd med arbeidet som bergensbaserte Pandora Film har lagt ned i filmen, og fortel at responsen blant dei besøkande på karrieremessene har vore svært god. Van Oorschot trur at filmen har treft målgruppa godt. Målgruppa er i første rekkje menneske med høgare utdanning mellom 20 og 45 år.

– I ein slik film er det viktig å ikkje gape over for mykje, og å prøve å vise fram kvar einaste krik og krok i det varierte fylket vårt. I staden er det lagt vekt på å få fram eit utval ekte historier, som vonleg kan begeistre og vere til inspirasjon for dei som vurderer ei framtid i Sogn og Fjordane, seier ho.

Les òg:

Nettpremieré på Sogn og Fjordane-filmen
300 000 kroner til profileringsfilm

Fakta

Den nye Framtidsfylket-filmen er laga på initiativ frå Framtidsfylket, Sogn og Fjordane fylkeskommune og NHO Sogn og Fjordane og har ein totalkostnad på 900 000 kroner. I tillegg har Rekomp-stiftinga og fleire bedrifter i Sogn og Fjordane bidrege økonomisk.

Hovudfilmen er tilgjengeleg for deling på Vimeo og YouTube.

Kvar fredag framover blir ein ny video lagt ut, der sjåaren får følgje mange av dei vi blir kjende med i hovudfilmen. Det blir også lansert ein konkurranse med ein velsmakande hovudpremie, der kven som helst kan bidra med sine videosnuttar eller kommentarar om kva dei likar best med Sogn og Fjordane.

Karriere i Framtidsfylket Sogn og Fjordane from Mediebruket on Vimeo.

Del dette:

Relaterte lenker